Hopp til innhald
Oppgave

Personinformasjon på sosiale medium

Er du bevisst på kva du deler, og har du kontroll på personvern-innstillingane dine på sosiale medium? Sosiale nettsamfunn har system som kan gi deg og vennene dine ein tryggare kvardag på nett.

Oppgåve 1

Søk opp profilane til nokre av vennene dine på Instagram. Svar på desse spørsmåla:

  • Kva har desse vennene publisert på Instagram-profilen det siste døgnet?
  • Er profilane opne eller lukka? Kva tenkjer du om det?
  • Finn du innlegg som inneheld opplysningar om andre som gjeld politisk oppfatning, tru eller seksuell legning? Kvifor skal ein vere forsiktig med å leggje ut sensitiv informasjon som dette? Les gjennom den relaterte artikkelen «Personvern i sosiale medium».
  • Finn du bilete av deg sjølv på profilane til vennene dine? Gav du i så fall samtykke før det blei publisert?
  • Les gjennom den relaterte artikkelen frå Datatilsynet om deling av bilete. Kva er reglane for deling av bilete på sosiale medium?

Relatert innhald

Oppgåve 2

Personvern: Gå inn på din eigen Instagram- og Snapchat-profil på Innstillinger.

  • Kva innstillingar har du lagt inn for deg sjølv?
  • Kvifor har du lagt inn desse innstillingane?
  • Kvifor er det viktig å sikre personvernet sitt på sosiale medium?
  • Les gjennom den relaterte artikkelen frå nettvett.no. Kva betyr totrinnsverifisering?

Relatert innhald

Tenk over

Toler innlegga dine å bli sett av foreldra dine, arbeidsgivarar, skuleleiinga eller framande personar?

Skrive av Jan-Arve Overland og Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2020