Finans + influensar = finfluensar
Kva er ein finfluensar?
Influensarar som deler innhald om økonomi og investeringar, blir kalla finfluensarar. Som ungdom er du ein del av målgruppa til mange finfluensarar. Nokre finfluensarar gjer ein god jobb og opplyser ungdommar om finans og økonomi, men dette gjeld ikkje alle.
Film: NRK Forklarer: Hvem er finfluenserne?
Sjå filmen (lengde 03:07) der NRK-journalist Ole Andreas Laache Klevan forklarer kva finfluensarar er.
Tenk over
Kor mange kjenner du som
drøymer om å bli rik
følger finfluensarar
har tent seg rike på kort tid i finansmarknaden
Korleis tener finfluensarar pengar?

Finfluensarar tener pengar på fleire måtar. Nokre får betalt for sponsa innlegg, der dei reklamerer for produkt. Nokre lever av eigne investeringar, mens andre sel kurs eller digitale produkt.
Det finst òg finfluensarar som tilbyr betalte medlemskap, der følgarane får ekstra innhald. I tillegg kan nokre ha langsiktige samarbeid med finansaktørar. Det finst dessverre òg finfluensarar som tener pengar på rein svindel.
Kjende influensarar som har fått reaksjonar
Finfluensarar er eit globalt fenomen. Styresmakter i mange land ser dei same utfordringane knytte til ulovlege investeringsråd, skjult reklame og villeiande informasjon i sosiale medium.
Tilsynsmakter verda over jobbar med å verne investorar og skape tryggare finansmarknader. Under er nokre døme på internasjonale profilar som har fått reaksjonar for deling av innhald på plattformene sine.
Kim Kardashian (USA)
Kim Kardashian står for det mest kjende globale dømet på ulovleg kryptopromotering. Ho reklamerte for kryptovalutaen EtherumMax på Instagram-profilen sin, men opplyste ikkje om at ho fekk betalt over 250 000 dollar – nesten 2,5 millionar kroner – for innlegget. Derfor gav det amerikanske kredittilsynet (SEC) henne ei bot på 1,26 millionar dollar, som svarte til over 12 millionar dollar.
Lindsay Lohan (USA)
Skodespelaren Lindsay Lohan vart teken av SEC-tilsynet for å ha oppfordra følgarane sine til å investere krypto-tokenar utan å opplyse om sine eigne økonomiske bindingar.
Cristóbal Romero (Chile)
Cristóbal Romero er ein svært profilert søramerikansk finfluensar. Han vart etterforska etter at følgarar tapte enorme summar på investeringsplattformer han promoterte aktivt i kanalane sine.
Fire typar finfluensarar
Den klassiske fininfluensaren
Den klassiske finfluensaren bygger merkevare rundt seg sjølv og livsstilen sin i sosiale medium, og hen gir økonomisk råd som underhaldning. Hen tener pengar på reklame og produktomtalar for bankar og handelsplattformer – ofte utan tydeleg merking.
Mentoren
Mentoren står fram som rådgivar og sel kurs, rettleiing og digitale produkt. Hen bruker gjerne affiliate‑lenkar og har ofte ein "ekspertprofil" på sosiale medium.
Plattformtraderen
Plattformtraderen rekrutterer følgarar til bestemde handelsplattformer og tener pengar når folk kopierer handelen deira. Hen fokuserer på kortsiktig trading.
Skjult marknadsførar
Den skjulte marknadsføraren reklamerer for uregulerte plattformer, kryptovaluta og pyramideliknande system. Hen bruker glamorøst innhald og lover rask gevinst.
Ver kjeldekritisk – ta ansvar, sjekk sjølv
Same kven du følger eller lyttar til, er det du som må ta ansvar for dine eigne val. Det betyr at du sjølv må setje deg inn i korleis ulike tenester – som fond, vekstaksjar eller kryptovaluta – fungerer, og kva som er risikoen ved dei. Før du investerer, må du alltid spørje deg sjølv: Toler eg å tape desse pengane?
Ver kritisk til investeringsoppfordringar frå personar som ikkje har relevant kompetanse, eller som ikkje er opne om eigne økonomiske interesser. Sjølv om du stoler på avsendaren, må du sjølv forstå korleis investeringa fungerer, og kva risiko du tek.
Fem råd til deg som følger finfluensarar
Ver sikker på at finfluensaren er til å stole på. Undersøk kva erfaring og kunnskap finfluensaren har.
Undersøk kvifor oppfordringa blir gitt. Får finfluensaren betalt for denne oppfordringa?
Ta ingen avgjerder før du kjenner til bakgrunnen for oppfordringa. Ei oppfordring skal alltid vere basert på fakta og analyse, ikkje gjettingar og spekulasjonar.
Invester aldri på impuls. Det hastar aldri å ta ei god investeringsavgjerd. Du får best avkastning ved å tenke langsiktig.
Sørg for å forstå investeringa. Bruk tid på å lære og forstå. Ikkje ver redd for å spørje ein venn.
Regelverk for finfluensarar
Finfluensarar må følge fleire lover og reglar når dei deler økonomisk innhald. Dei skal vere opne, ærlege og tydelege, merke reklame rett, opplyse om eigne interesser og forklare risiko, og dei kan ikkje gi investeringsråd utan nødvendig konsesjon.
Finanstilsynet
Finanstilsynet fører tilsyn med at finfluensarar ikkje gir ulovlege investeringsråd eller bryt finansielle reglar. Dei sjekkar særleg
om det blir gitt investeringsråd som krev konsesjon, jf. verdipapirhandelslova og krav til løyve for investeringstenester
om det er gitt god nok informasjon til kundar, jf. verdipapirhandelslova § 10‑10; informasjonen skal vere balansert, klar og ikkje‑villeiande når verksemda blir rekna som tenester som krev løyve
om eventuelle interessekonfliktar er oppgitt, jf. krav til god forretningsskikk (verdipapirhandelslova § 10‑9), og objektivitet i analysar
at marknadsmisbruksreglane blir overhaldne, til dømes forbod mot marknadsmanipulasjon som "pump and dump" (blir regulert av verdipapirhandelslova kapittel 3, som igjen viser til marknadsmisbruksforordninga)
Døme på pålegg frå Finanstilsynet
Forbrukartilsynet
Forbrukartilsynet fører tilsyn med at finfluensarar følger marknadsføringslova.
Reklame må merkast tydeleg, jf. marknadsføringslova § 3 (krav til identifikasjon av reklame).
Marknadsføring skal ikkje vere villeiande, jf. § 6–8 om urimeleg handelspraksis og villeiande handlingar/utelatingar.
Betalt innhald og økonomiske fordelar skal komme klart fram, jf. § 3 og § 7 (feilaktige eller skjulte kommersielle intensjonar)
Kryptoeigedelslova
Finanstilsynet fører òg tilsyn med kryptoeigedelslova.
MiCA gjeld som norsk lov, jf. kryptoeigedelslova § 1.
Finanstilsynet er tilsynsmakt, jf. kryptoeigedelslova § 2.
Formålet er sterkare investorvern, tryggare kryptomarknader og førebygging av marknadsmisbruk.
Konsekvensar av brot på regelverket
Brot på marknadsføringslova kan føre til forbodsvedtak, tvangsmulkt eller straffegebyr frå Forbrukartilsynet (marknadsføringslova kap. 7).
Brot på finanslovgivinga kan føre til varsel eller forbod frå Finanstilsynet, straffegebyr eller politi‑ og straffesaker ved alvorlege brot på marknadsmisbruksreglane.
Finfluensarar kan òg bli juridisk ansvarlege dersom følgarane taper pengar som følge av villeiande, uansvarlege eller ulovlege investeringspåstandar.