Lag enquete: digital valkamp og kjeldekritikk - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lag enquete: digital valkamp og kjeldekritikk

Sosiale medium speler ei sentral rolle i ein valkamp. Når sosiale medium og algoritmestyrte løysingar styrer politisk marknadsføring, blir kjeldekritikk stadig meir viktig. Kva haldning har førstegongsveljarar på skulen din til kjeldekritikk i ein digital valkamp?

Oppdrag: Lag enquete

Ved hjelp av ein enquete skal du finne svaret på det følgjande spørsmålet: Kva haldning har førstegongsveljarar til kjeldekritikk i ein digital valkamp?

Lag ein lydbasert enquete. Gjer intervju med fem førstegongsveljarar ved skulen din. Enqueten skal bestå av dei same to til kvart av intervjuobjekta dine.

Bruk opptaksfunksjonen på mobiltelefonen din.

Målgruppa er medelevar.

Framgangsmåte

  1. Start med å gjere research om temaet.

  2. Korleis bør du førebu og gjennomføre intervju til ein enquete? Les gjennom denne fagteksten: Den journalistiske arbeidsprosessen (ndla.no).

  3. Formuler to opne spørsmål du skal stille til intervjuobjekta dine.

  4. Finn relevante intervjuobjekt, og start intervjua. Det er bra om du klarer å finne intervjuobjekt som gir deg varierte og ulike svar.

  5. Ver bevisst på lydforholda under opptak av intervjua. Unngå høg bakgrunnslyd og støy.

  6. Rediger enqueten, og presenter for klassen din til slutt.

Relatert innhald

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2021