Journalistikk, informasjon og reklame - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Journalistikk, informasjon og reklame

Både journalistikk, informasjonsverksemd og reklame er planlagd kommunikasjon. I marknadsføring og kommunikasjonsverksemd ligg lojaliteten hos ein betalande oppdragsgivar. Journalistikken har ideelt sett oppdraget sitt frå folket.
Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Journalistikk

Journalistikk er informasjon om noko som faktisk finst, eller noko som faktisk har hendt. Ei viktig oppgåve for ein journalist er derfor å finne relevante kjelder, vurdere om kjeldene er truverdige, og sjå til at folk med ulike oppfatningar kjem til orde.

Journalisten har eit viktig samfunnsoppdrag. Han eller ho skal samle mest mogleg informasjon om det som skjer i samfunnet, omarbeide informasjonen og formidle han til oss via aviser, blad, radio, fjernsyn og/eller internett.

Journalistikken skal i tillegg avsløre maktmisbruk, kritikkverdige forhold hos styresmaktene og overgrep mot enkeltpersonar.

Informasjonsverksemd og omdømmebygging

Stadig fleire bedrifter og organisasjonar vel å tilsetje eigne kommunikasjonsrådgivarar eller informasjonsmedarbeidarar. Dei utarbeider kommunikasjonsstrategiar og informasjonsmateriell. Slik får publikum informasjon om reglar, rettar, plikter, årsaker, verknader, bestemte produkt eller bestemte meiningar.

Mange oppdragsgivarar er avhengige av å ha godt omdømme for å nå måla sine, anten det gjeld å selje meir, å skape sympati for eit føremål eller å vinne eit val. Kommunikasjon som har dette som føremål, blir kalla omdømmebygging.

Ein lobbyist er ein person som på vegner av ein oppdragsgivar prøver å påverke politiske vedtak. Kommunikasjonsbyråa hyrar gjerne inn tidlegare politikarar til slike oppdrag; dei kjenner maktas korridorar.

Bedriftseigarar og toppolitikarar omgir seg med medierådgivarar som sørgjer for at dei blir synlege i media på ein mest mogleg positiv måte, og at uheldige episodar blir dyssa ned. I dag hender det at artistar og idrettskjendisar òg har eigne medierådgivarar.

Marknadskommunikasjon og reklame

Marknadskommunikasjon er kommunikasjon mellom ei bedrift og ein kunde. Marknadsføring og sal kan skje ved direkte kommunikasjon ansikt til ansikt, i telefon, over e-post eller ved hjelp av innhald på nett som er retta mot bestemte målgrupper.

Reklame er betalt informasjon frå ein identifiserbar avsendar. Føremålet med reklame er både å informere om eit produkt og å skape eit behov eller ønske hos mottakaren som gjer at han eller ho faktisk kjøper produktet.

Public relations (PR) er nemninga på informasjonsarbeid som har til føremål å fremje ikkje-betalt medieomtale av arbeidet bedrifta eller organisasjonen gjer. Hovudføremålet er å fortelje kva avsendaren driv med, og å skape ei positiv haldning til verksemda i befolkninga.

Sjangrane har ulike oppdragsgivarar

Både journalistar, tilsette i opplysningskontor og PR-byrå, medierådgivarar og folk i reklamebransjen driv med det vi kan kalle planlagd kommunikasjon.

Det er likevel ein vesentleg forskjell mellom journalisten og dei andre aktørane i kommunikasjonsbransjen. Lojaliteten til journalisten ligg i utgangspunktet hos mottakarane. På vegner av dei prøver journalisten å grave fram mest mogleg informasjon om det som faktisk har skjedd.

Kommunikasjonsmedarbeidaren byggjer òg på fakta, men lojaliteten ligg hos oppdragsgivaren. Oppgåva til kommunikasjonsarbeidaren er å kommunisere fakta på ein måte som gjer at flest mogleg får med seg bodskapen som oppdragsgivaren ønskjer å formidle, eller å bidra til å forme haldningane mottakarane har til ein bestemt person, ei bestemt sak eller eit bestemt produkt.

I marknadsføring ligg òg lojaliteten hos den som ønskjer å selje ei vare eller ei teneste.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021