Kjende konspirasjonsteoriar
Kva er ein konspirasjonsteori?
Ein konspirasjonsteori er ein forklaringsmodell som går ut på at galne ting som skjer i verda, skjer fordi mektige grupper i løyndom samansver seg for å fremje sin eigen, skjulte agenda. Eit kjenneteikn på slike teoriar er at dei ofte er baserte på ei oppfatning av at ingenting skjer tilfeldig, ingenting er det det ser ut til å vere, og alt heng saman med alt.
Les meir i artikkelen Konspirasjonsteoriar.
Konspirasjonsteoriane om terrorangrepet mot USA 11. september 2001 hevdar at amerikanske styresmakter visste om eller dekker over det som "eigentleg" skjedde denne dagen. Motivasjonen til styresmaktene skal visstnok ha vore å legitimere invasjon av Afghanistan og seinare Irak på grunn av økonomiske og politiske interesser.
Konspirasjonsteoriane om 11. september er såkalla hendingskonspirasjonsteoriar. Slike teoriar tek gjerne utgangspunkt i skakande hendingar. Her blir det spekulert om at styresmaktene sjølve har medverka til hendingane, eller at dei ikkje fortalt heile sanninga om kven som stod bak. Bevisa for slike konspirasjonsteoriar dreier seg om å påpeike påståtte feil i den offisielle forklaringa. Typisk for slike spekulasjonar er at dei ikkje er dokumenterte på ein måte som gjer at dei kan tilbakevisast av allment tilgjengeleg informasjon.
Les meir om konspirasjonsteoriane omkring terrorangrepet 11. september 2011 på faktisk.no.
Omgrepet Eurabia er sett saman av orda Europa og Arabia. Eurabia er ein konspirasjonsteori som hevdar at muslimar er i ferd med å ta over Europa gjennom auka innvandring. Europeiske politikarar og samfunnstoppar samarbeider ifølge denne teorien med arabiske land for å gjere Europa til ein islamsk koloni.
Konspirasjonsteorien finst over heile Europa og involverer ulike fiendar i kvart land. Ifølge tilhengarar av Eurabia-teorien i Noreg er det spesielt Arbeidarpartiet som er den politiske eliten, eller fienden, som samarbeider med muslimske krefter. Eurabia-teorien var sentral i tankegangen til Anders Behring Breivik før terrorangrepa 22. juli 2011.
Ein relatert teori som har mange likskapstrekk med Eurabia, er konspirasjonsteorien om "den store utskiftinga", der det blir påstått at kvite europearar og amerikanarar blir utsette for eit folkemord og erstatta av migrantar. Tilhengarar av denne konspirasjonsteorien meiner mellom anna at det er jødane som står bak masseinnvandringa.
Les meir om konspirasjonsteorien Eurabia i Store norske leksikon.
Holocaust er ei nemning som blir brukt om folkemordet mot jødane og andre grupper under andre verdskrigen. Dette folkemordet er det mest veldokumenterte folkemordet i historia, men holocaustnektarane påstår at det aldri har skjedd.
Dei avviser ikkje nødvendigvis at konsentrasjonsleirane eksisterte, men at det blei gjort systematiske drap på jødar. Dei hevdar at det var langt færre enn seks millionar jødar som blei drepne, og at gasskammera blei brukte til avlusing og ikkje til drap. Enkelte påstår òg at gasskammera blei bygde av dei allierte etter andre verdskrigen. Holocaustnektarane antydar at folkemordet er ei fabrikkert løgn som jødane sjølve har sett ut for å fremje eigne interesser. Dette skal vere noko dei gjer for å skjule den "eigentlege sanninga" om eit jødisk verdsherredømme.
Les meir om holocaustnekting i Store norske leksikon.
Protokollane til Sions vise er ei antisemittisk samling av forfalska og fabrikkerte tekstar. Tekstane gjer seg ut for å vere hemmelege møtereferat og avslører tilsynelatande ei gigantisk jødisk samansverjing. Jødane skal i det skjulte styre både kommunismen og kapitalismen, og møtereferata skal vise at jødiske leiarar har lagt planar om å gripe verdsmakta.
Protokollane til Sions vise blei første gong trykt i 1903, og allereie i 1921 blei dei avslørte som ei forfalsking. Det forhindra likevel ikkje at tekstane blei spreidde over heile verda. Antisemittar har brukt, og bruker framleis, tekstane som "bevis" på at det finst eit jødisk komplott om å oppnå jødisk verdsherredømme.
Les meir om protokollane til Sions vise i Store norske leksikon.
Les meir om antisemittisme i artikkelen Antisemittisme – alle konspirasjonsteoriars mor.
QAnon er ein konspirasjonsteori som på mange måtar er ei oppsamling av ei rekke konspirasjonsteoriar som har eksistert i USA dei siste femti åra. Namnet stammar frå nettprofilen Q, som er ein ikkje-identifisert person som påstår å ha tilgang til topphemmeleg informasjon. Q har posta gåtefulle og koda meldingar på nettstaden 4chan, som andre igjen har tolka og spreidd vidare gjennom sosiale medium. Dei anonyme følgarane som tolkar meldingane frå Q, omtaler seg sjølve som anons.
Tilhengarane av QAnon hevdar at det eksisterer ein "djup stat", som er eit hemmeleg nettverk av mektige personar som styrer USA. Dette nettverket av politikarar, byråkratar og milliardærar skal vere involverte i satanisme, kannibalisme og pedofili. Førestillinga om "djupstaten" og ei samansverjing av djeveldyrkande pedofile har ein overteke frå eldre konspirasjonsteoriar og blanda saman med QAnon.
Ifølge tilhengarane av QAnon er Donald Trump den einaste som kan avsløre og rydde opp i denne enorme konspirasjonen.
Les meir om QAnon i Store norske leksikon.
I 1963 blei president John F. Kennedy skoten og drepen i Dallas. Drapet utløyste ei rekke ulike teoriar om kven som eigentleg stod bak attentatet.
Ifølge den offisielle forklaringa frå amerikanske styresmakter var det Lee Harvey Osvald som var drapsmannen. Konspirasjonsteoretikarar har på si side hevda at det må ha vore meir enn éin skyttar, og at det må ha vore nokre mektige grupper som opererte i bakgrunnen. Alt frå FBI og CIA, til mafiaen og høgreekstremistar har blitt trekte fram som moglege bakmenn.
Les meir om John F. Kennedy i Store norske leksikon.
Midtausten-politikken til USA og Israel har over tid skapt misnøye blant både politikarar og befolkninga i dei ramma landa. Det har derfor ikkje vore uvanleg med konspirasjonsteoriar som har gitt USA og Israel skulda for det meste som har skjedd i regionen.
Ein av konspirasjonsteoriane om USA og Israel si rolle i Midtausten har vore at desse to har støtta skipinga og framveksten av terrororganisasjonen Den islamske staten (IS). Dette skal ha skjedd fordi USA og Israel er tente med politisk uro i Midtausten. Ein kan vere kritisk til måten dei to statane har operert på i Midtausten, men det er noko heilt anna å skulde dei for medvite å ha skapt ein terrororganisasjon.
Les meir om Den islamske staten på FN.no.
Konspirasjonsteorien om chemtrails hevdar at styresmaktene har eit hemmeleg program for å påverke klimaet eller å hjernevaske og kontrollere befolkninga. Dette gjer dei ved å sleppe ut gassar og kjemikaliar over oss frå fly, og årsakene held dei hemmelege.
Konspirasjonsteoretikarane hevdar at stripene eit fly etterlèt seg i lufta, i realiteten er slike gassar og kjemikaliar. Denne påstanden har blitt motprova fleire gonger av forskingsmiljø, som forklarer at stripene etter fly er kondensstriper som hovudsakleg består av vassdamp.
Les på forskning.no om flystripene på himmelen er farlege for oss.
I enkelte miljø har det spreidd seg konspiratoriske tankar om at jorda ikkje er rund, men flat. Ifølge flat-jord-teorien er ikkje jorda som ein globus, men ei rund skive omgitt av ein isvegg. Denne isveggen er Antarktis.
Konspirasjonsteoretikarane hevdar mellom anna at det er danna ei enorm samansverjing for å halde det skjult at jorda er flat. I denne samansverjinga inngår styresmakter, NASA og andre romfartsorganisasjonar, som har forfalska satellittbilete av jorda som ei rund kule. Det å tru at jorda er flat, er ikkje i seg sjølv ein konspirasjonsteori, men pseudovitskap. Det er først når ein trur at styresmakter og forskarar aktivt lyg om "sanninga", at det blir snakk om ein konspirasjonsteori.
Tilhengarar av flat-jord-teorien er, som andre konspirasjonsteoretikarar, meir tilbøyelege til å tru på fleire konspirasjonsteoriar, til dømes at månelandinga aldri har skjedd.
Les meir på forskning.no om kvifor somme trur jorda er flat.
Koronaepidemien som ramma verda i januar 2020, har ført til ei rekke konspirasjonsteoriar. Noko som ofte går igjen i teoriane, er fornekting av informasjonen frå nasjonale helsestyresmakter og Verdshelseorganisasjonen (WHO). I fleire land har det oppstått konspirasjonsteoriar om at covid-19 er menneskeskapt, og at det er mektige personar som ønsker å tene pengar på pandemien.
Videoen Plandemic: The Hidden Agenda Behind Covid-19 presenterer ein slik konspirasjonsteori. Videoen fremjar feilaktige og udokumenterte påstandar. Det blir mellom anna påstått at det finst ein verdsomspennande elite som står bak covid-19, og som ønsker å tene pengar på pandemien ved å tilby ein vaksine.
Les meir om "Plandemic"-videoen på faktisk.no.
Det finst fleire konspirasjonsteoriar om hemmelege elitar som trekker i trådane og styrer verda i all løyndom. Dei er oftesystemkonspirasjonsteoriar, eller superkonspirasjonsteoriar, som hevdar at målet til elitane er å skape ein ny verdsorden, New world order. Slike hemmelege elitar skal bestå av velståande og mektige menneske, som gjerne er politikarar og personar tilknytte media, mektige organisasjonar eller multinasjonale selskap. Desse menneska planlegg å overta eller oppretthalde det eksisterande verdsherredømmet. FN skal til dømes ha som mål å etablere ei verdsregjering og avskaffe all privat eigedomsrett.
Det finst ulike variantar av desse teoriane, men forskjellane handlar i stor grad berre om kven dei påståtte elitane er. Frimurarar, illuminatar, kommunistar, katolikkar, jødar og globalistar har blitt skulda for å ha verdsherredømme som mål.
Les meir om frimureri i Store norske leksikon.
Les meir om illuminatar på forskning.no
Les meir om antisemittisme i Store norske leksikon.
Les meir om New world order og FN på forskning.no
I videoen nedanfor fortel nokre av utanrikskorrespondentane til NRK om konspirasjonsteoriar som finst ulike stader på jorda.