Korleis vil du at andre skal oppfatte deg? - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Korleis vil du at andre skal oppfatte deg?

Korleis ønskjer du at andre skal oppfatte deg? Kva for signal sender du for å «hjelpe» folk med å oppfatte deg slik du ønskjer? Er du medviten om korleis du framstiller deg sjølv i den fysiske verda? I sosiale medium?

Vi opptrer sjeldan på same måten i alle situasjonar:

  • Til den du er forelska i, viser du fram andre sider av deg sjølv enn til bestevennen din.
  • Til foreldre og lærarar skal du kanskje vise at du er flink og pliktoppfyllande.
  • På fest saman med vennene dine skal du kanskje vise at du gir litt faen og gjer som du vil.
  • Vi kan nytte media til å vise fram «ulike versjonar» av oss sjølve til ulike personar og i ulike samanhengar.
  • Har du to Instagram-kontoar? Sender du ulike typar selfiar til ulike typar folk?

Eigenrefleksjon

  • Korleis vil du at andre skal oppfatte deg?
  • Kva gjer du for å lykkast med det?
  • Har det hendt at du er blitt oppfatta på ein annan måte enn du venta? Utdjup og forklar dersom det er tilfellet.
  • Er det forskjell på i den fysiske verda og i sosiale medium?


Diskuter påstanden i klassen

Diskuter tre og tre eller heile klassen samla.

  • Dersom du er både pliktoppfyllande og opprørsk, eller både pen og velkledd og rufsen og likegyldig, er du ikkje då ein løgnar? Har du då ein identitet som er falsk?
Skrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 10.07.2017