Oppgave
Foredrag om kunstig intelligens
Lisa Reutter er samfunnsvitar og doktorgradsstipendiat ved NTNU og forskar på kunstig intelligens. Sjå ein film med foredrag om kunstig intelligens frå Researchers' Night 2020, og svar på oppgåver.
- Kva er kunstig intelligens?
- Kom med døme på korleis kunstig intelligens blir brukt i kvardagen.
- Kva skjedde då Microsofts chatbot Tay blei mata med Twitter-meldingar og skulle tvitre sjølv?
- Kom med døme på at kunstig intelligens kan ta feil.
- Kva gjer YouTube når du har sett eit klipp på YouTube?
- Kva skjedde med karakterane til avgangselevane på IB-linja (International Baccalaureate) våren 2020 på grunn av covid-19?
- Forklar omgrepa data og algoritme.
- Kven lagar kunstig intelligens?