Hopp til innhald
Bokmål
Film og filmklipp

Film: Ulike perspektiv på bruk av KI-teknologi

Mange oppgåver som vanlegvis ville ha kravd menneskeleg intelligens, kan no løysast ved hjelp av teknologi. Kva er KI? Korleis blir KI brukt? Kva moglegheiter og utfordringar følger med utviklinga av KI-teknologi?

Gå til synstolka video eller spel av kortare utgåve:

Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Sjå filmen og svar på spørsmåla

  1. Kva er kunstig intelligens (KI)?

  2. Kva er forskjellen på generell kunstig intelligens og maskinlæring?

  3. Korleis kan kunstig intelligens brukast for å tilpasse innhald til ein bestemd mottakar?

  4. Kvifor er det viktig at både kvinner og menn deltek i utviklinga av kunstig intelligens?

  5. På kva måte kan kunstig intelligens utfordre personvernet vårt?

  6. Kvifor er det viktig at brukarar og politikarar er med på å legge premissa for utvikling av kunstig intelligens?

  7. Kvifor bruker nokon forkortinga AI, mens andre bruker forkortinga KI om kunstig intelligens?

  8. Filmen over vart laga i 2020, to år før dei første store generative språk- og biletmodellane vart lanserte. Kva er generativ kunstig intelligens?

  9. Korleis har kunstig intelligens endra samfunnet etter at denne filmen vart laga?

  10. Korleis trur du kunstig intelligens vil endre samfunnet framover?