Ulike fasar i produksjon av medieuttrykk - Refleksjon over medieproduksjonsprosessen - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Ulike fasar i produksjon av medieuttrykk

Oppgåve

Refleksjon over medieproduksjonsprosessen

Vurder og reflekter over eigne medieproduksjonar du har erfaring frå.

Oppgåve 1: Diskusjon

  1. Kva er den største suksessen og den største tabben din i arbeidet med medieproduksjon så langt?
  2. Korleis kan du sikre deg mot tabbar i framtida?
  3. Kva er forskjellane på konsekvensane av å gjere ein tabbe når du produserer som medieelev, versus når du produserer for mediebransjen?

Oppgåve 2: Planlegg eit oppdrag

Sjå på årsplanen og vel deg ut ein medieproduksjon de skal i gong med. Planlegg produksjonsprosessen.

Du kan for eksempel lage eit skjema der du punktvis skriv ned kva du må hugse på i ulike fasar. Bruk gjerne tips frå artikkelen «Sjekkpunkt i elevproduksjonar».

Oppgåve 3: Dokumenter ein produksjonsprosess

Gjennom å dokumentere og reflektere over produksjonsprosessane du har gjennomført som medieelev, får du systematisert erfaringane dine. Slik vil kvar nye prosess kunne gjennomførast med stadig større flyt.

Skrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Ulike fasar i produksjon av medieuttrykk

Gå til faget: Mediesamfunnet 1

Gå til emne: Produksjon og analyse