SUFF: kjeldekritikk når kjensla blir trigga

Kva er SUFF?
SUFF står for:
Stopp opp.
Undersøk.
Finn fleire kjelder.
Finn opphavleg kontekst.
SUFF er ein strategi for kjeldekritikk som passar spesielt godt å bruke på medievanane dine i sosiale medium. Kor kritisk er du på fritida når du skrollar på mobilen? Medieplattformer som TikTok, til dømes, spesialdesignar algoritmar for å halde deg fast i feeden.
Kvifor bruke SUFF?
Algoritmane viser innhald som vekker kjensler og reaksjonar og utløyser høgare tidsbruk og fleire delingar. Sterke kjensler gjer oss mindre kritiske og gjer at vi lettare deler feilinformasjon og desinformasjon. Formålet med å bruke SUFF er i grunnen at du skal skaffe deg eit rett og nyansert verkelegheitsbilete.
SUFF hjelper deg med å skilje sant frå usant i mengda av hurtig informasjon du blir eksponert for. Strategien er effektiv. Det kan vere nok å stoppe opp og tenke seg om. Du går berre vidare til neste steg i strategien dersom det er nødvendig.
Stopp opp
Blir du kjenslemessig trigga av innhald, så stopp opp. Hald deg roleg og pust. Still deg spørsmål som:
Kvifor blir du kjenslemessig ramma?
Kva er det ved informasjonen som triggar?
Kva er formålet med innhaldet? Blir du ufrivillig påverka?
Kjenner du til profilen eller nettstaden som står bak innhaldet? Har dei eit godt rykte, er dei til å stole på?
Treng du informasjonen? Skal du i det heile bry deg om han?
Døme: Mobilen skal bli forboden på skulen
Skulen skal stramme inn på reglar for mobilbruk i skuletida. Som følge av dette har mange uttrykt sterke meiningar i ei gruppe på sosiale medium.
Du blir særleg trigga av ein reel laga av nokre eldre elevar som går hardt ut med slagordet "Mobilen skal bli forboden på skulen". Det vil du for alt i verda ikkje skal skje!
Stopp opp!
Undersøk informasjonen
Etter steget stopp opp er neste steg å undersøke nærmare kven som står bak informasjonen. Er det ein influensar, ei interessegruppe eller redaktørstyrte medium?
Kven kjem informasjonen frå?
Kven har laga og publisert innhaldet?
Kva er motivasjonen til personen eller organisasjonen som legg ut innhaldet?
Kva er personen eller organisasjonen kjend for?
Kva seier andre om avsendaren?
Har personen/organisasjonen fagkompetanse?
Tener personen eller organisasjonen pengar på å få merksemd på innhaldet?
Finn fleire kjelder
Det neste steget handlar om å lese på tvers. Du går bort frå innhaldet og kanalen du er i, og du leiter etter den same informasjonen hos alternative kjelder og i andre kanalar. Ver mersam på filterbobler og ekkokammer.
Du opptrer som ein journalist som skal verifisere og sjekke om informasjonen er rett. Du kan leite etter informasjonen hos faktasjekkarar, redaktørstyrte medium og leksikon, og du kan finne utsegner og formidling frå ekspertar i fagmiljø.
Dersom du ikkje finn informasjonen andre stader, eller dersom informasjonen blir motsagd, kan du rekne med at informasjonen du vart kjenslemessig engasjert av, ikkje er til å stole på.
Døme: Influensar lover gull og grøne skogar
Ein influensar legg ut stories frå bassengkanten ved ein luksusvilla og fortel om kor god ein leskedrikk er, og kor lett det var å tene pengar på å investere i utvikling og sal av drikken.
Kva informasjon sjekkar du, og korleis gjer du det?
Finn opphavleg kontekst
Dersom du framleis er usikker på informasjonen og kjelda du stoppa opp ved, går du til det siste steget i strategien.
Kvar kjem informasjonen frå opphavleg?
Er eit sitat teke ut av samanheng?
Er eit bilete brukt i ein ny kontekst? Er biletet eller videoen KI-generert ?
Sjekk dato og stad, finn ut om heile intervjuet finst, og bruk omvendt biletsøk.
Døme: Biletet av ein ny bilmodell
Du sveiper forbi siste modell frå eit bilmerke du har likt heile livet. Er det mogleg? Allereie ein ny modell?
Kva gjer du for å sjekke om biletet/videoen er sann og ikkje berre KI-generert?
Korleis sjekkar du om informasjonen er rett?
Sentrale fagomgrep
- algoritmar
- skjulte regelsett og matematiske oppskrifter som bestemmer kva informasjon du får i straumen din og ved søk
- kjeldekritikk
- systematisk måte å vurdere kvaliteten på ei kjelde på
- innhaldsstraum
- feeden, straumen din av innlegg, reels og/eller stories på mobilen
Relatert innhald
Er du kjeldebevisst? Gjer øvingar i klassen og bruk kjeldekritikkstrategien SUFF.