Presseetikk og PFU - Rollespel: Ungdommens PFU - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Presseetikk og PFU

Oppgåve

Rollespel: Ungdommens PFU

I dette rollespelet er det klassen din som utgjer Pressas faglege utval. Vil de felle pressa på bakgrunn av klager om overtramp, eller gir de media medhald?

Rollespelet Ungdommens PFU blei lansert på NMD-Ung våren 2014. Spelet blei utvikla av
Trine Østlyngen
i samarbeid med Norsk Presseforbund og prosjektet
Kampanjen for journalistikken
.

Kampanjen for journalistikken hadde som mål å bidra til at unge blir gode og kritiske mediebrukarar gjennom kunnskap om kjeldekritikk, journalistisk metode og medieetikk.

Gjennomfør Ungdommens PFU i klassen

No er det klassen din som står for tur til å ta rolla som medlemmer i Pressas faglege utval. Bruk to til tre skuletimar.

Forslag til køyreplan

  1. Fordel rollene
    Del klassen inn i grupper på tre elevar. I kvar gruppe skal ein spele rolla som redaktør, ein skal vere journalist, og ein skal representere allmenta.

  2. Presentasjon av oppdraget
    Presenter tre saker som skal opp til vurdering i PFU i nær framtid. Læraren har førebudd presentasjonen på førehand, deler lenkjer til aktuelle saker, og forklarer kva samanheng dei blei laga i.

  3. Gruppene set seg inn i sakene
    Gruppene set seg grundig inn i kva sakene handlar om, og kva argument som er brukte i klagene.

  4. Gruppene vurderer klagene
    Kva paragrafar i Ver varsam-plakaten er aktuelle i desse tre sakene?
    Har klagarane rett, eller bør klagene avvisast?
    Kvar gruppe lagar ei grundig skriftleg forklaring for vurderingane sine med tilvising til dei presseetiske reglane.

  5. Gruppene legg fram vurderingane sine for klassen

  6. Avstemming i Ungdommens PFU
    Her stemmer alle i klassen ut frå overtydinga si. Det er sjølvsagt mogleg å avgjere sakene ved handsopprekking. Men kanskje blir det betre stemning av å bruke raude og grøne ark for å vise om de meiner sakene er OK eller brot på god presseskikk?

Aktuelle kjelder

Rollespelet kan òg gjennomførast i tråd med rettleiinga på nettsidene til journalistikkampanjen: journalistikkampanjen si side for Ungdommens PFU.

Skrive av Grethe Melby og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Kampanjen for journalistikken
Sist fagleg oppdatert 24.03.2021

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Presseetikk og PFU

Gå til faget: Mediesamfunnet 1

Gå til emne: Etikk og medium