Målgrupper og kanalar - Målgruppe - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Målgrupper og kanalar

Fagartikkel

Målgruppe

Når du skal planleggje og utforme medieuttrykk, må du først av alt vite kva målgruppe du primært skal vende deg til.

Kva er ei målgruppe?

Menneske med ulik bakgrunn, gruppetilhøyrsle og interesser vel, forstår og tolkar medieuttrykk på ulike måtar. Personlegdom, alder, nasjonalitet, sosial og geografisk tilhøyrsle og sivil status er nokre slike ulikskapar som kan bidra til at vi føretrekkjer ulike medieuttrykk og forstår dei forskjellig.

Også interesser og livsstil kan ha noko å seie. I mediekommunikasjon bruker vi derfor ofte kriterium som alder, interesse, yrke eller bustad til å definere den målgruppa vi primært vender oss til.

Tilpass medieuttrykket til målgruppa

Profesjonelt arbeid med kommunikasjon og produksjon av medieuttrykk er ressurskrevjande. Det tek tid, og det er dessutan stor konkurranse om merksemda til mottakarane.

Når du planlegg og produserer medieuttrykk, bør du derfor alltid byrje med å klargjere kva personar eller grupper du først og fremst ønskjer at bodskapen din skal nå ut til. Deretter lagar du ei skisse til utforming som du trur vil bidra til at bodskapen blir forstått på rett måte av dei det gjeld.

Til dømes ei nyheitssak

Sett at du skal lage ei nyheitssak om det siste jordskjelvet i Japan. Dersom du skulle lage denne saka for Aftenposten junior, måtte du utforme henne på ein heilt annan måte enn om du skulle utforma same saka for den ordinære avisutgåva som vaksne les.

Vanlege reportasjar er kompliserte og vanskelege å forstå for eit barn dersom ordforrådet og dei geografiske og geologiske kunnskapane ein treng for å forstå saka, ikkje er tilpassa ein niåring. Ein vaksen med særlege interesser for naturkrefter og jordskjelv ville på si side synest at ei vanleg nyheitsdekning i Aftenposten er for lite utdjupande, og kanskje gå på nett for å søkje opp meir informasjon.

Overtyde med bodskapen

I marknadskommunikasjon og kommunikasjonsarbeid er det særleg viktig at bodskapen overtyder mottakaren, anten det dreier seg om å få han eller henne til å kjøpe eit produkt, eller til å skifte meining. Om reklamefilmen ikkje har ei historie eller ein bodskap som treffer målgruppa, blir det ikkje fart i salet. Det er altså viktig å kjenne og definere ei målgruppe av flere grunner:

  • for å vekkje interesse
  • for at bodskapen skal bli forstått
  • for å kunne lykkast med føremålet for bodskapen
Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2017