Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar

Fagstoff
Interaktivt innhald
Video

Lasswells kommunikasjonsmodell

Lasswells kommunikasjonsmodell er eit nyttig verktøy både når du skal analysere mediekommunikasjon, og når du sjølv skal planlegge mediekommunikasjon.

Kva verknad har kommunikasjonsprosessen?

Kommunikasjonsforskaren Harold Lasswell formulerte kommunikasjonsprosessen i éi setning:

Kven seier kva til kven gjennom kva kanal med kva verknad?

Analyser eller planlegg hensikten for kommunikasjon

Modellen kan du bruke til å analysere mediekommunikasjon frå andre eller når du planlegg dine eigne medieproduksjonar.

Poenget med Lasswells kommunikasjonsmodell er at du kan bruke han til å kartlegge kva som er eller skal vere verknaden av profesjonell kommunikasjon.

I daglegtale og profesjonelt arbeid vil du òg møte omgrep som formål, funksjon, hensikt eller effekt. Det betyr det same som verknad.

Forstår du Lasswells modell?

I dei interaktive oppgåvene nedanfor kan du teste om du har forstått omgrepa i Lasswells kommunikasjonsmodell.

Mediekommunikasjon har ulike formål

Her er nokre døme på korleis du kan bruke Lasswells kommunikasjonsmodell til å analysere ulike typar kommunikasjon.

Journalistikk

Les nyheita om vindmøller:

NRK: Vil ha mer vindkraftutbygging

Kven – NRK Trøndelag

seier kva – "NHO meiner ein må tåle naturinngrep i Noreg dersom ein skal løyse klimautfordringane."

til kven – lesarane av NRK Trøndelag

i kva kanal – internett / NRK Trøndelag

med kva verknad – gi kjennskap til noko som har skjedd i samfunnet

Marknadskommunikasjon

Sjå reklamefilmen frå Lerum (lengde 0:45):

Video: Lerum / Avgrensa gjenbruk

Kven – Lerum

seier kva – "Produkta våre er laga av dei beste fruktene."

til kven – dei som kjøper, eller kan tenke seg å kjøpe, saft og syltetøy

i kva kanalYouTube, reklamekanalar på tv, kinoreklame

med kva verknad – at folk kjøper Lerums saft og syltetøy

Kommunikasjonsarbeid

Sjå filmen frå Statens Vegvesen (lengde 0:50):

Tekststøtte til video frå Statens Vegvesen

I videoen ser vi ein ungdomsgjeng. Ein av gutane set seg inn i ein bil og råkøyrer. Mens det skjer, blir han yngre og yngre. Då han til slutt kjem ut av bilen, ser han ut som ein liten gut og seier: "Var det kult, eller?" Dei andre ungdommane trekker på skuldrene og går sin veg. Deretter får vi følgande informasjon: "Den delen av hjernen som vurderer risiko og konsekvensar, heiter frontallappen og blir utvikla seinare hos gutar. Dersom ein gut vel å køyre for fort, kan det rett og slett vere fordi han er umoden."

Kven – Statens Vegvesen

seier kva – "Råkøyring er barnsleg."

til kven – ungdom (spesielt gutar)

i kva kanalYouTube

med kva verknad – endra haldningar til bilkøyring og fart

Underhaldning

Sjå filmen frå NRK (lengde 1:41):

NRK: Dette er grunnen til at vi har vintertid

Kven – Norske grønnsaker / NRK

seier kva – "Derfor har vi vintertid og sommartid."

til kven – til alle som ser på

i kva kanal – NRK TV, men formatet kan òg passe i sosiale medium

med kva verknad – at folk ler

Propaganda

Studer biletet, som viser eit døme på frå 1930-talet i Tyskland.

Kven – Hitler

seier kva – "Germanarane er ein overlegen rase."

til kven – den tyske befolkninga

i kva kanal – film, radio, talar på store arenaer

med kva verknad – støtte i befolkninga

Din tur

Hvor godt forstår du Lasswells kommunikasjonsmodell?

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 08.01.2026