Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Kjeldekritisk vurdering med SUFF

Når kjenslene blir trigga, blir vi mindre kritiske og lettare å påverke. Øv dykk på å bruke strategien SUFF. Stopp opp og ver kritisk før de reagerer på innhald eller deler det vidare.

1. Kjeldekritikk: sanning eller løgn?

  1. Kvar elev skriv ned to sanne påstandar og éin usann påstand om seg sjølv på eit ark.

  2. Gå i grupper på tre. Les påstandane for kvarandre. Dei andre skal gjette kva som er løgn.

  3. Oppsummering i klassen. Kva løgner vart avslørte? Var det vanskeleg å skilje løgn frå sanning? Kvifor?

2. Alias

Jobb to og to. Den eine forklarer fagomgrepet utan å bruke ordet. Den andre gjettar ordet. Byt undervegs, og ta gjerne fleire rundar på kvart enkelt omgrep.

3. Kontekst og vurdering av kjelder

  1. Arbeid i klassen med læraren som rettleiar. Studer framsida og avsnittet "Sammenligning mellom fjeldhøider" på side tre i læreboka Kortfattet geografi på nettsidene til Nasjonalbiblioteket. Læreboka er publisert i 1893. Svar på desse spørsmåla i lag:

    • Kven står bak?

    • Kva er hensikta?

    • Kva er konteksten for publikasjonen?

    • Sjekk: Kva kjenneteiknar dagens forståing av etnisitet?

    • Sjekk: Kva høgder og snølinjer reknar vi som gjeldande i dag for dei tre fjellrekkene?

  2. Diskuter: Kva kjelder kan vi stole på i dagens samfunn, og kva kjelder kan vi ikkje stole på?

4. Bruk strategien SUFF

Jobb åleine eller to og to.

  1. Last ned fila eller set opp eit eige skjema for kjeldekritikk med SUFF.

SUFF

Nr.

Stopp

Undersøk

Finn kjelde

Finn kontekst

1

2

3

4
osv.
  1. Gå inn og følg reelstraumen i eit sosialt medium du/de bruker jamleg. Set nedteljinga på mobilen til eitt minutt.

  2. Start nedteljinga. Nummerer kvart av innlegga frå reelstraumen i skjemaet.

  3. Bruk SUFF på alle innlegga i den eitt minutt lange reelstraumen.

  4. Diskuter innlegga og kjeldene de fann då de undersøkte informasjonen frå kvar av reelane.

    • Kva innhald trigga mest kjensler, og kvifor?

    • Kva informasjon fekk dykk frå kven?

    • Kva var formålet med informasjonen?

    • Kva kjelder fann dykk med same informasjon?

    • Korleis ser informasjonen ut i den opphavlege konteksten sin?

  5. I kva samanhengar kan SUFF vere ein nyttig strategi? Diskuter.

5. Les og undersøk lokale nyheiter

Les nyheiter frå lokalavisa og vurder verdien av informasjonen du får her.

  1. Gå til Nettavisens side "Gratis tilgang til Nettavisen" . Skrollar du litt ned, kan du finne fram til lokalavisa di, lage ein aID, stadfeste alderen din med BankID og godta avtalen.

  2. Jobb to og to. Finn tre artiklar om ulike tema. Kva er interessante nyheiter, kva er mindre interessante nyheiter? Kva informasjon får de frå kven i artiklane? I kor stor grad kan de stole på informasjonen?

  3. Kva verdi har lokale nyheiter? Kor mykje kan vi stole på informasjonen i nyheitene? Diskuter i klassen. Bruk døme frå lokalavisa eller andre redaktørstyrte medium i argumentasjonen.

  4. I kva grad er SUFF nyttig å bruke på lokale nyheiter?

Relatert innhald

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 26.01.2026