Kva er journalistikk? - Samanlikning av Supernytt og Dagsrevyen - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kva er journalistikk?

Øving

Samanlikning av Supernytt og Dagsrevyen

Bli kjent med korleis journalistar jobbar inn mot ulike målgrupper.
  1. Samanlikning av Supernytt og Dagsrevyen:

    • Kven er målgruppa for sendingane? Undersøk.
    • Kor lange er sendingane?
    • Korleis blir sakene introduserte i dei ulike sendingane?
    • Kan du seie noko om verkemidla som blir brukte i dei ulike sendingane? Her kan du studere til dømes bruk av effektar, grafikk, lyd og musikk i innhaldet som blir presentert.
  2. Undersøk Supernytt: NRK Supernytt

    • Kva er temaa for sakene på Supernytt?
    • Kva for intervjuobjekt finn du i sakene?
    • Trur du Supernytt treffer målgruppa si med denne sendinga?
  3. Undersøk Dagsrevyen: NRK Dagsrevyen

    • Kva er temaa for sakene på Dagsrevyen?
    • Kva for intervjuobjekt finn du i sakene?
    • Trur du Dagsrevyen treffer målgruppa si?
  4. Diskuter svara med personen du sit ved sida av.

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2019