Finn retoriske verkemiddel i medieuttrykk - Logos i medieuttrykk - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Finn retoriske verkemiddel i medieuttrykk

Fagartikkel

Logos i medieuttrykk

Logos i medieuttrykk handlar om å påverke andre med saklege argument. Du må overtyde gjennom å snakke til folk si fornuft.

Eit medieuttrykk med dokumenterte faktaopplysningar og eit bilete som viser resultatet, kan overtyde oss om at noko er riktig. Tenk berre på alle før- og etterbileta av kroppar som florerer i media og påstandar som "Drikk denne kaffien, så får du ny kropp på berre seks veker". Det er lett å la seg forføre av bilete som "bevis" at noko verkar.

Kondom på 7-Eleven

I reklame blir det ofte spelt på appellforma logos for å overtyde målgruppa om at noko er fornuftig. Kioskkjeda 7-Eleven har tidlegare hengt opp informerande plakatar med påskrifta "Noreg er eitt av landa i Europa med flest tilfelle av klamydia".

Stopp og tenk

Kvifor vel 7-Eleven som hovudsakleg sel brus, pølser og is å fronte statistikk om kjønnssjukdom?

Svaret er enkelt: 7-eleven ønskjer å opplyse om at dei sel kondom. Det gjer dei ved å leggje fram statistikk. Vi kan derfor seie at teksten i plakaten vektlegg appellforma logos. Statistikken er sannsynleg og appellerer til fornufta vår. På denne måten kan 7-Eleven vekke forståing for bodskapen sin, og samtidig minne om du kan kjøpe kondom i kiosken deira. Det er ein tydeleg og logisk bodskap.

Logos i journalistikken

I journalistikken kan vi òg finne eksempel på bruk av logosargumentasjon for å påverke mottakarane. I starten av 2020 fekk til dømes koronaviruset mykje medieomtale, og mange vart redde for å bli smitta. Media var til tider med på å forsterke frykta for koronaviruset.

I ein kommentar i Aftenposten skreiv journalist Joacim Lund at folk måtte roe ned den irrasjonelle frykta. Argumenta hans var logiske: "Vi må ikkje kjøpe munnbind på grunn av koronaviruset."

Han sikta til oppslaga om at apoteka var utselde for munnbind, og at folk oppsøkte tannlegen sin for å skaffe dei. Når vi tenkjer oss om, forstår vi at å hamstre munnbind kan verke noko hysterisk.

Dersom logosargumentasjonen din skal fungere, må du klare å beskrive verda på ein slik måte at mottakarane kjenner seg igjen. I tillegg må argumenta som du underbyggjer påstandane dine med, verke sanne eller sannsynlege. Først då kan mottakarane bli overtydde.

Tenk over

  • Korleis blir bilete brukte i nyheitsartiklar og TV-reportasjar for å styrkje logos i formidlinga?
  • Korleis blir kjelder og/eller stemma til kjelder brukt?
  • Reflekter over journalisten som sanningsvitne og retorikken i nyheitsbilete.

Kjelde

Lund, J. (2020, 27. februar). Vi må ikke kjøpe munnbind på grunn av koronaviruset. Langt ifra. Aftenposten. Henta frå https://www.aftenposten.no/meninger/kommentar/i/opQGjK/vi-maa-ikke-kjoepe-munnbind-paa-grunn-av-koronaviruset-langt-ifra-joacim-lund?

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020