Annonsar, radiospot og reklamefilm - Vel kanal og format - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Annonsar, radiospot og reklamefilm

Øving

Vel kanal og format

Marknadsføring på tvers av kanalar

Teamet ditt skal lage ein reklamefilm og to annonsar. Éin annonse skal trykkjast i ei regional avis, og éin skal publiserast på nett eller i sosiale media. Bruk informasjon i fagteksten Format for annonsar og reklamefilm som hjelp til å konkretisere formata.

  • Beskriv kva kanalar og format (storleikar og lengder) de har valt.
  • Grunngi vala.
  • Forsøk også å finne ut kva ein slik reklame vil koste i dei kanalane og formata de har bestemt dykk for.

Øvingsoppgåve

Studer desse tre annonsane som er laga for Akvariet i Bergen. Gjer greie for likskapar og skilnader.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Annonsar, radiospot og reklamefilm