Oppgave
Ytringsfridom når terroren rår
- Kva handla Watergate-skandalen om?
- Kva blei konsekvensane av Watergate-skandalen?
- Organisasjonen WikiLeaks skapte stor merksemd då dei avslørte hemmeleg informasjon. Korleis jobbar WikiLeaks, og kva for reaksjonar har dei som jobbar for WikiLeaks blitt møtte med?
- Kven er Edward Snowden, kva for bakgrunn har han, og kva for informasjon har han kome med til pressa?
- Kva skjedde med Snowden etter at det blei kjent at han var kjelda til den informasjonen pressa sat på?
- Korleis grunngav president Obama overvaking av telefon- og internettrafikken?
- Finst det situasjonar der det er rett av styresmaktene å overvake journalistar?
- Er det nokre situasjonar der det kan vere rett å overlate sensitiv informasjon som gjeld den nasjonale tryggleiken til media?
- Er det nokre situasjonar der det er gale å gjere det?
- Bør media verne kjelder som formidlar informasjon som kan truge den nasjonale tryggleiken?
Relatert innhald
Fagstoff
Pressefridom og overvaking i USAPressefridom er grunnlovfesta i USA. Likevel opplever media overvaking, at journalistar blir diskrediterte, og at kjeldevernet er under press.