Oppgave
Stereotypiar og fordommar i komiserien Jordbrukerne
Reflekter over vanlege stereotypiar og fordommar, og diskuter om komiserien Jordbrukerne bidreg til å styrkje eller svekkje fordommar mot muslimar og bygdefolk.
komedie
parodi
stereotypi
fordom
Sjå ein eller fleire episodar av komiserien Jordbrukerne på NRK TV.
Serien er tilgjengeleg til 20. oktober 2028.
I serien møter vi fire menn frå Oslo aust. Dei har lysskye planar og flyttar til ein gard i Øvre Telemark. Meir eller mindre mot sin vilje endar dei opp som gründerar av Noregs første halal-ysteri.
Jordbrukerne er ein parodi basert på vanlege stereotypiar og fordommar.
Kva for nokre vanlege stereotypiar og fordommar mot ulike samfunnsgrupper møter vi i denne serien?
Kvifor er denne komedien ein parodi? Forklar ved hjelp av døme.
Diskuter i mindre grupper eller i klassen i kva grad slike parodiske framstillingar bidreg til å styrkje eller svekkje stereotypiar og fordommar mot muslimar og bygdefolk.