Oppdrag: SoMe-kampanje om porno - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Oppdrag: SoMe-kampanje om porno

Fleire ser porno før dei fyller 13 år. Regjeringa er bekymra over at barn blir eksponerte for auka seksualisering i tidleg alder. No vil dei engasjere ungdom som kan lage haldningsskapande innhald i sosiale medium om pornobruken blant unge. Tek du oppdraget?

Bakgrunn

Forsking viser at barn og ungdom kan bli påverka av trendar og seksuell praksis frå porno. Nesten halvparten av norske 13–18-åringar har sett porno på nettet. Av desse såg 57 prosent porno første gong før dei fylte 13 år. Gutar ser meir porno enn jenter, viser tal frå Medietilsynet si Barn og medier-undersøking i 2020.

Sjå oppdatert statistikk på nettsida til Medietilsynet (medietilsynet.no)

Regjeringa ønskjer å verne barn mot pornografisk medieinnhald og legg opp ein strategi for å få ut informasjon og endre haldningar.

Meir om oppdraget

Oppdraget går ut på å lage innhald til sosiale medium som ein del av ein større kampanje for å avgrense bruken av nettporno blant barn og unge.

Oppdragsgivar ønskjer å skrive kontrakt med unge produsentar som tør å vere nyskapande og tenkje "utanfor boksen". Kreativ og utforskande kompetanse er sentralt. Du må òg meistre teknisk utstyr og programvare og kunne produsere for mobil. I tillegg må du kunne handtere etiske utfordringar som dukkar opp, og kjenne til lover og reglar for produksjon av medieuttrykk.

Planlegging

  1. Start med å gjere research. Finn undersøkingar og rapportar, og skriv argument for og imot pornobruk. Lag problemstillingar som du vil utforske nærare. Til dømes: På kva måte kan unge bli skadd av å sjå for mykje porno? Korleis kan unge prate om porno med foreldra sine?

  2. Utforsk ulike kampanjar i sosiale medium. Blir gjort det noko du kan lære av, eller bruke?

  3. Lag ein innhaldsstrategi der du beskriv målgruppa og målsetjinga. Kva vil du oppnå? Kvifor skal dette innhaldet lagast, og for kven? Korleis kan det vere med å påverke og endre haldningar hos målgruppa?

  4. Finn dei rette kommunikasjonsplattformene og verkemidla. Gjer research og finn ut om målgruppa er mest på TikTok, Snapchat, Facebook, Instagram eller andre medium.

    Vel verkemiddel, medieuttrykk og publiseringsplattformer som engasjerer og treffer målgruppa.

Til inspirasjon: Opplysningsfilm om pornobruk blant unge

Her kan du sjå ein kort opplysningsfilm som vart laga i samband med ein nasjonal kampanje i New Zealand for å halde unge trygge på nettet. Lenkje til regissør Sam Stuchbury sin video finn du under:

Sjå filmen: Keep it real online (youngdirectoraward.com)

Tips til gjennomføringa

  1. Lag innhaldet kort nok. Målgruppa skrollar i storefri eller på bussen.

  2. Skap eit spennande anslag og ein stram dramaturgi. I sosiale medium har du få sekund på å treffe sjåaren. Tenk over kor lenge du sjølv ser på noko før du vel det bort.

  3. Vurder formspråket. Skal du leggje inn grafikk, tal eller forklaringar?

  4. Pass på at du vel eit format som passar til publiseringskanalen. Døme: Facebook 16:9 (breidde), Instagram 1:1 (kvadratisk), eller Snapchat 9:16 (høgde).

  5. Hugs at oppdragsgivar ønskjer nyskapande innhald! Film og rediger gjerne med mobilen. Prøv ut nye vinklar og utsnitt. Vis dette med å leike i redigeringa.

Tips til filming med mobilen
  • Sjekk at du ikkje er for nær, vidvinkellinsa kan forstørre ansikt.

  • Slå på flymodus før opptak.

  • Vurder lyset på location og plasser deg slik at motivet får eit godt lys.

  • Pass på lyden. Stå nær nok eller bruk mikrofon.

  • Ta minst tre utsnitt av same situasjon (døme: total, nær og halvnær).

Video: Hilde Gullhaug Hennes / CC BY-SA 4.0

Kvalitetssjekk og vurdering

  1. Inviter målgruppa og andre til ei testframsyning for å få tilbakemeldingar før innhaldet blir presentert for oppdragsgivar. Då har du tid til å justere innhaldet før det er for seint.

  2. Før og under publisering kan du bruke STEPPS-modellen til Jonah Berger for å sjekke om innhaldet treffer, blir likt og delt i sosiale medium.

STEPPS-modellen i korte trekk

  • Sosial valuta (social currency): Korleis framstår eg når eg deler dette på sosiale medium? Vil det gi eit godt inntrykk av meg? På sosiale medium deler vi ofte innhald som skaper eit positivt bilete av oss sjølv.

  • Triggar (triggers): Kva knyter folk til saka? Korleis triggar saka det folk er opptekne av for tida, eller akkurat no? Om det triggar, er det større sjanse for at saka blir spreidd på sosiale medium.

  • Kjensler (emotions): Når du bryr deg kjenslemessig om ei sak, er det meir sannsynleg at du deler, kommenterer eller liker eit innlegg, og at saka blir spreidd på sosiale medium. Skaper du innhald som vekkjer kjensler som sinne, kan dette resultere i deling av innhaldet. Gladsaker blir òg ofte delte.

  • Offentlegheit (public): "Dette er dagens store sak, alle snakkar om ho." Dersom saka står på dagsorden og er ein "snakkis", er det større sjanse for at ho blir delt, kommenterte og likt på sosiale medium.

  • Praktisk verdi (practical value): Vi deler ofte innhald som vi reknar som nyttig i kvardagen, vi liker å dele informasjon som vi trur venene våre kan dra nytte av.

Kjelder

Røsok-Dahl, Heidi (2021). Levende bilder: Lær av de beste. Cappelen Damm.

Medietilsynet. (Oktober 2020). Barn og medier 2020. En kartlegging av 9–18-åringers medievaner. https://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/barn-og-medier-undersokelser/2020/201015-barn-og-medier-2020-hovedrapport-med-engelsk-summary.PDF

Relatert innhald

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2021