Når reklame kryssar landegrensene - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Når reklame kryssar landegrensene

Kva lover gjeld for reklame i norsk fjernsyn? Og kva skjer når globale TV-selskap og strøymetenester tek over marknaden for distribusjon av levande bilete?

Oppgåve 1

Søk etter informasjon for å svare på desse spørsmåla:

  1. I januar 2021 innførte Noreg forbod mot for pengespel på fjernsyn. Kvifor blei dette forbodet vedteke?

  2. Kva konsekvensar har forbodet for norske distributørar av medieinnhald?

  3. Korleis reagerte den globale Discovery på dette forbodet?

  4. Kva konsekvensar fekk forbodet for sjakkspelaren Magnus Carlsen?

Oppgåve 2

  1. Norsk lov bestemmer kva det er lov å vise reklame for på tv. Finn ut kva andre ting enn pengespel det er ulovleg å reklamere for på norsk fjernsyn.

  2. Kvifor er det ulovleg med slik reklame?

Oppgåve 3

Mange unge ser ikkje lenger på vanleg fjernsyn, men er storforbrukarar av nett-tv og internasjonale .

Diskuter i klassen om norske reklamelover også bør gjelde denne forma for distribusjon av medieinnhald, og kva problem det eventuelt kan medføre.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2022