Munnleg-praktisk oppgåve: personvern i det digitale samfunnet - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve: personvern i det digitale samfunnet

I denne oppgåva skal du og medelevane dine lage ein multimedial presentasjon av Datatilsynets personvernundersøking og strategien dei har for å sikre personvernet vårt. Samtidig får de øvd dykk på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve.

Målet med denne oppgåva er

  • å bli kjend med fordelar og ulemper ved ny teknologi og digitalisering av samfunns- og arbeidsliv

  • å forstå kvifor personvern er ein viktig føresetnad for digitalt medborgarskap

  • å vise at du kan lese og forstå statistikk, og at du kan trekkje ut det mest vesentlege ut av eit offentleg dokument

  • å kunne presentere eit komplisert saksforhold på ein enkel og spennande måte for eit ungt publikum

  • å øve på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve

Arbeidsoppdrag

De skal lage ein presentasjon om personvern i det digitale samfunnet. Målgruppa for denne presentasjonen er vg2-elever. Presentasjonen skal vare i cirka 30 minutt.

De skal bruke eit digitalt presentasjonsverktøy, og presentasjonen skal innehalde både tekst, tabellar, stillbilete, video og lyd. Minimum eitt stillbilete, ein video og eitt lyduttrykk skal vere sjølvproduserte.

Utgangspunktet for presentasjonen er

  1. Datatilsynets personvernundersøking 2019/2020

  2. Datatilsynets strategidokument for perioden 2021–2024

  3. fagtekstar om digitalt medborgarskap og personvern

Relatert innhald

Fagstoff
Digitalt medborgarskap

Kva er kriteria for digitalt medborgarskap, og kva trengst for å vere ein god digital medborgar?

Gjennomføring

Klassen skal delast inn i grupper på fire elevar som samarbeider om å løyse oppdraget. Alle elevane skal i etterkant lage eit individuelt refleksjonsnotat.

Planleggingsfasen

Les oppdraget nøye! Alle i gruppa samarbeider om idéutvikling og research. Fordel dokumenta mellom dykk, og noter viktige stikkord.

Diskuter dykk fram til

  • kva kjelder de vil bruke i presentasjonen

  • kva form presentasjonen må ha for å fengje målgruppa

  • kva medieuttrykk de vil ha med i presentasjonen, og korleis den grunnleggjande estetikken skal vere

  • kva for digitale verktøy de vil bruke til å lage presentasjonen

  • korleis den munnlege framføringa skal vere

Lag så ein arbeidsplan for det som skal gjerast, og fordel arbeidsoppgåvene.

Produksjonsfasen

Vel ut relevant informasjon frå skriftlege kjelder. Fotografer og ta relevante video- og lydopptak. Finn òg eksterne bilete, video og lydproduksjonar som kan vere aktuelt å bruke i presentasjonen. Hugs å utøve kjeldekritikk.

Samanlikn tekst, stillbilete, lyd og video til ein digital presentasjon. Hugs å opplyse om kva kjelder de har brukt.

Relatert innhald

Fagstoff
Tips til presentasjonar

Her får du gode tips til kva du bør tenkje på når du skal halde ein presentasjon.

Presentasjonsfasen

Lag eit manus i stikkordform for korleis de vil kommentere den digitale presentasjonen.

Set av 10 minutt til faglege spørsmål frå vg2-elevane de presenterer for. Svar på spørsmåla ut frå den fagkunnskapane de har om emnet digitalt medborgarskap og personvern.

Be om tilbakemelding på måten de presenterte emnet på.

Eigenvurdering

Lag til slutt dei individuelle refleksjonsnotata dykkar, der de vurderer prosess og produkt.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2021