Mediekvardagen i Iran - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Mediekvardagen i Iran

Ytringsfridom og pressefridom er fastsett i FNs konvensjon om menneskerettar. I Iran blir journalistar fengsla og torturerte, sjølv om landet prinsipielt har pressefridom.
Om pressesensur i Iran. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Pressefridom og menneskerettar

FN deler menneskerettane inn i to hovudgrupper:

  • Økonomiske, sosiale og kulturelle rettar handlar om retten til å få dekt grunnleggjande behov.
  • Politiske og sivile rettar handlar om rettssikkerheit, likebehandling og .

Dei aller fleste landa i verda, også Iran, har slutta seg til menneskerettskonvensjonane. I står det mellom anna følgjande:

Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å ha meiningar utan innblanding, til å søkje, ta imot og gjere kjent opplysningar og idear gjennom alle dei informasjonskanalar som finst, og på tvers av alle grenser.

Ytringsfridom blir altså rekna som ein sentral rett som alle menneske har, uansett styreform.

Rolla til media i eit teokrati

Ifølgje World Press Freedom Index () er Iran blant dei landa i verda som skårar lågast på , berre slått av Eritrea, Nord-Korea og Turkmenistan. Rangeringa er basert på kriterium som , vald mot journalistar, undertrykkjande lovverk og statlege mediemonopol.

Styreforma i Iran er ei blanding av og . Eit anna ord for teokrati er prestestyre. Sjølv om dei politiske leiarane blir valde av folket for fire år av gongen, er det den åndelege leiaren som er den øvste leiaren i landet. Han kontrollerer både politi- og militærvesenet, rettsapparatet og massemedia. Den religiøse lova, sharia, er overordna lovene i landet.

Grunnlova av 1979 garanterer i prinsippet pressefridom. Men aviser må ha offentleg lisens, og journalistar og redaktørar som publiserer artiklar som krenkjer religionen, leiande religiøse leiarar og den offentlege moralen, eller som fornærmar namngitte personar, kan bli straffa (Lyngve, 2021).

Ingen land i verda fengslar fleire journalistar enn Iran. Mange av dei som blir fengsla, blir utsette for tortur. I praksis er det derfor ingen pressefridom.

Men når styresmaktene fjernar dei profesjonelle journalistane, hender det at folket sjølv tek på seg rolla som "borgarjournalistar". Ved hjelp av mobiltelefonar og sørgjer dei for at verda likevel får innsikt i det som skjer i landet. Det same gjer mange av dei iranske journalistane som lever i eksil i utlandet.

Reporterar i eksil

Sheida Jahanbin og Madyar Samienejad er to aktive iranske journalistar som har valt å setje søkjelys på maktovergrep og brot på menneskerettar i heimlandet sitt. Organisasjonen Reportere uten grenser har omtalt bloggen til Madyar som den beste nyheitsbloggen i verda.

Madyar blei fengsla og torturert for arbeidet sitt som journalist av iranske styresmakter. Saman med Sheida valde han derfor i 2010 å rømme frå landet og søkje politisk asyl i Noreg. Herfrå held dei to unge journalistane fram å om brot på menneskerettar og situasjonen for politiske fangar i Iran. Draumen er å kunne vende tilbake til eit fritt og demokratisk Iran ein gong i framtida.

Høyr eit utdrag av NRK-radiodokumentaren til Sheida Jahanbin frå 2011 nedanfor.

Min bit av himmelen

0:00
-0:00
Lyd: Sheida Jahanbin / CC BY-SA 4.0

Kjelder

Lyngve, E. (2021, 13 april). Medier i Iran. I Store norske leksikon. Henta 5. januar 2022 frå https://snl.no/medier_i_iran

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Mediesystem og demokrati

Samanlikn styreform, mediestruktur og grada av pressefridom i land frå fleire verdsdelar.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018