Lydtypar
Godt lydarbeid gir betre oppleving
Lydarbeid blir ofte teke lett på i medieproduksjonar. Det er det ingen grunn til. På ein enkel måte kan du kjapt heve lyd- eller filmproduksjonen med mange hakk ved å vere meir bevisst på lydarbeidet under opptak og i etterarbeid.
God lydkvalitet og bevisst bruk av lyd er heilt avgjerande for om eit medieprodukt blir bra eller dårleg.
Fire lydtypar
Vi har fire lydtypar:
- tale
- miljølyd
- effektlyd
- musikk
Ved å kombinere lydtypane på rett måte, skaper du lydbilete og styrker bodskapen i medieproduksjonen din.
Tale
Tale kan vere både monolog, dialog eller ein samtale mellom fleire, eller det kan vere lyd lagd på som ei forteljarstemme. Det kan vere spontan tale eller planlagd tale med manus. Val av ord, stemmestyrke og stemmeleie er viktig for korleis lyttarar oppfattar tale.
Dialog er den lyden som oppstår når to eller fleire menneske snakkar saman. Det er viktig å få så god kvalitet som mogleg når du gjer opptak av dialog, slik at alle kan høyre kva som blir sagt.
Monolog er tale frå ein person, til dømes ein nyheitsopplesar på radio. Ei roleg og behageleg stemme aukar truverdet og interessa for det nyheitsopplesaren seier.
Døme på ein monolog
Høyr Stina Åshildsdatter Grolid fortelje om ulike former for tale.
Korleis lyttar du til tale?
Kva kjenneteiknar tale som lydtype, tenker du?
Lytt til monologen
Tekstversjon
Miljølyd
Miljølyd, som òg blir kalla kontentum, er den naturlege lyden som finst på ein stad. Han består av dei ulike lydane du kan høyre i eit miljø. Nokre miljølydar høyrer vi godt, andre er vi så vande til at vi ikkje tenker over at dei er der.
Døme på miljølyd
Kva miljø er vi i?
Kva lydar høyrer du godt?
Kva lydar er vanskelegare å legge merke til?
Lytt til miljølyden
Tips til opptak av miljølyd ved intervju
Dersom du gjer lydopptak av eit intervju i ein park, i ein innkomsthall på ein flyplass, på leikeområdet i ein barnehage eller i eit møterom, vil det ligge miljølyd under dialogen.
Det er lurt å ta opp 20–30 sekund med berre miljølyd når du skal gjere intervju. Han kan brukast til å ligge under ein voiceover når du lagar ein reportasje. Slik kan du plassere lyttaren eller sjåaren i miljøet. Når du legg miljølyden under voiceoveren, opplever lyttaren å vere til stades der reportasjen er laga.
Lytt til eit stille rom
Sjølv eit heilt "stille" rom vil ha nokre lydar. Sit heilt stille i klasserommet og lytt til dei lydane som omgir deg. Skriv ned stikkord for alle lydane du høyrer.
Effektlyd
Effektlydar er viktige å bruke når du lagar forteljingar. Effektlyd er enkeltlydar av kort varigheit som blir brukte som ein spesiell effekt i ein lydproduksjon. Du må bruke tid og finne dei rette lydeffektane spesielt når du lydlegg film, høyrespel eller reklame.
Det er vanleg å forsterke effektlydar i lydproduksjon slik at dei kan høyrast ekstra tydeleg.
Døme på effektlyd
Døme på effektlydar er skritt som nærmar seg, ei dør som blir lukka, ein kvist som blir knekt, ei klokke som tikkar, eller ein eksplosjon.
Lytt til effektlyden "skritt på grus"
Lytt til effektlyden "dør som blir lukka"
Opptak av effektlyd i studio
Ofte blir effektlydar laga i lydstudio, og det er ikkje alltid at den ekte lyden av ei handling gir den mest "realistiske" lyden. Eit slag på kinnet kan høyrast mykje meir dramatisk ut, og gjere mykje mindre vondt, om du tek lydopptak av to hender som blir klappa saman.
Du kan få ein ekstra fresande lyd av mat som blir steikt i ei steikepanne, ved å ta opp lyd av vatn frå springen.
Kva lyd er dette?

Musikk
Musikk blir ofte brukt som verkemiddel i lyd- og filmproduksjonar og bidreg til å setje ei stemning. Musikk kan skape kjensler som frykt, spenning, tristheit eller glede.
I større produksjonar blir musikken spesialskriven for heile filmen eller lydproduktet og dermed tilpassa alle dramatiske endringar og situasjonar ned til minste detalj.
Døme på musikk i medieproduksjon
Kva stemning set musikken?
Kva type forteljing kan musikken passe til, tenker du?
Lytt til musikklippet
Lyd i og utanfor forteljinga
Eit viktig skilje i lydproduksjonar går mellom diegetisk og ikkje-diegetisk lyd.
Diegetisk lyd er lyd som finst i forteljinga. Det er lydar som personen i filmen òg kan høyre, som til dømes ein bil som køyrer forbi, eller musikk frå ein høgtalar.
Ikkje-diegetisk lyd, derimot, blir lagd på i etterarbeidet. Han er meint berre for publikum. Lyden skal skape rett stemning og forsterke opplevinga til lyttaren.
Sentrale fagomgrep
- tale
- menneskestemmer i lydproduksjon, døme: opplesing og spontan og planlagd dialog
- miljølyd (kontentum)
- bakgrunnslyden i lydopptak, døme: sus i tre, biltrafikk og fuglekvitter
- effektlyd
- enkeltlydar som forsterkar ei handling, døme: trinn på betong eller grus, ei dør som blir opna eller lukka, og glas som knuser
- musikk
- blir brukt for å skape stemning og forsterke kjensler hos lyttaren
- diegetisk lyd
- lyd i ei forteljing, som i ein scene der eit band øver, eller eit nys frå ein karakter
- ikkje-diegetisk lyd
- lyd som ligg utanfor filmen, som når spenningsmusikk er brukt for å skape forventningar hos publikum
Relatert innhald
Korleis kan du skape ein radioreklame som gjer at lyttaren blir verande og blir interessert i bodskapen? Lytt og lêr meir om lyddesign i radioreklamar.