Journalistikk og sosiale medium - Nyheiter i sosiale mediekanalar - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Journalistikk og sosiale medium

Fagartikkel

Nyheiter i sosiale mediekanalar

Sosiale medium, og ikkje minst Facebook, er sentrale kjelder til nyheiter. For å nå ut til publikum blir journalistisk innhald publisert på ulike sosiale plattformer. Men også andre store og små medieaktørar er aktive nyheitsformidlarar.
Video: Tom Knudsen, Eva Sophie Wolff-Hansen / CC BY-SA 4.0

Nyheiter er no tilgjengeleg i sosiale mediekanalar døgnet rundt.Tidlegare konkurrerte dei etablerte media om å vere først ute med ei nyheit. Men medievanane har endra seg, og no kjempar fleire av medieaktørane om merksemda vår i sosiale medium.

Sosiale medium er ei av dei aller viktigaste nyheitskjeldene for ungdom. Mange følgjer mediehus som TV 2, VG og Aftenposten på sosiale plattformer som Facebook, Instagram og Snapchat.

Vil nå ut til unge

Facebook har blitt ein viktig distribusjonskanal for redaksjonelt innhald. Mediehusa kan her nå ut til mange med innhaldet sitt. NRK er eit eksempel på ein stor, norsk medieaktør som produserer og formidlar ulike former for journalistisk innhald. For allmennkringkastaren er det i dag viktig å vere til stades på sosiale medium for å nå ut til unge menneske med innhaldet sitt.

Kamp om merksemda

Det blir kvar dag produsert mykje informasjon i sosiale medium. Nyheitsfeeden på Facebook er full av private innlegg, bilete og reklame. Utfordringa for profesjonelle medieredaksjonar er å få merksemd og skape engasjement rundt det journalistiske innhaldet som blir publisert. I sosiale medium kan journalisten vere i direkte kontakt med publikum og få umiddelbar respons på innhaldet.

Hugs

Sosiale medium påverkar journalistrolla.

Kjeldekritikk og yrkesetikk er derfor viktigare enn nokon gong.

Kjernen i journalistikken

Synest du det er mange viktige saker som blir publiserte i sosiale medium?

På sosiale plattformer ser vi at journalistar kan publisere saker som har relativt låg nyheitsverdi, men som skaper engasjement og får mange delingar. I ei tid der sosiale medium er ei av dei viktigaste kjeldene til nyheiter, er det spesielt nødvendig å ha fokus på kva som er kjernen i journalistikken.

Du hugsar sikkert frå tidlegare at journalistar har som oppgåve å gi variert og objektiv informasjon om viktige samfunnsspørsmål, slik at borgarane i eit samfunn kan gjere uavhengige val og vere aktive deltakarar i samfunnsdebatten. Yrkesgruppa skal også avdekkje maktovergrep.

Korleis engasjere på sosiale medium?

Kva for mekanismar spelar inn når ein skal skape engasjement rundt innhaldet på Facebook? Kvifor blir nokre saker delte, kommenterte og spreidde meir enn andre?

Dette har professor Jonah Berger forska på. Han har utvikla modellen STEPPS. Den beskriv ulike kriterium som fører til engasjement på sosiale medium. Modellen er generell og kan brukast også til anna enn journalistikk.

  • Sosial valutasocial currency: Korleis framstår eg ved å dele dette på sosiale medium? Vil dette gi eit godt inntrykk av meg? På sosiale medium deler vi ofte innhald som får oss til å sjå bra ut.
  • Trigger triggers: Kva assosierer folk med saka? Korleis triggar saka det folk er opptekne av for tida, eller i augeblinken? Triggar det, er det større sjanse for at saka blir spreidd på sosiale medium.
  • Kjensler emotions: Når du bryr deg kjenslemessig om ei sak, er det meir sannsynleg at du deler, kommenterer eller liker eit innlegg, og saka blir spreidd på sosiale medium. Skaper du innhald som vekkjer kjensler som sinne, kan dette resultere i deling av innhaldet. Gladsaker blir ofte også delte.
  • Offentlegheit public: «Dette er den store saka av i dag som alle snakkar om.» Viss saka står på dagsordenen og er ein «snakkis», er det større sjanse for at ho blir delt, kommentert og likt på sosiale medium.
  • Praktisk verdi practical value: Vi deler ofte innhald som vi ser på som nyttig i kvardagen, vi liker å dele informasjon som vi trur vennene våre kan dra nytte av.
  • Den gode historiastories: God historieforteljing vinn ofte og får stor spreiing på nettet.
Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2017