Hopp til innhald
Fagartikkel

Journalistar blir truga og sensurerte

Fri utveksling av informasjon og uavhengig, usensurert journalistikk er ein menneskerett. Men mange journalistar opplever å bli truga til å teie.

Uavhengig journalistikk er ein menneskerett

Journalistar sin rett til , det vi kallar , er forankra i artikkel 19 i FNs menneskerettsfråsegn:

Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å ha meiningar utan innblanding, til å søkje, ta imot og gjere kjent opplysningar og idear gjennom alle dei informasjonskanalar som finst, og på tvers av alle grenser.

Eit viktig oppdrag for journalistikken er å sikre fri flyt av informasjon, slik at borgarane veit kva som skjer, og kan gjere bevisste val. I autoritære regime kan styresmakter og andre maktaktørar oppleve dette som ein trugsel. Pressefridommen er derfor truga i mange land.

Journalistar blir truga til å teie

Russland

I nyare tid har mange uavhengige medium blitt stengde i Russland etter skuldingar om statsfiendtleg aktivitet. Fem journalistar i opposisjonsavisa Novaja Gazeta har blitt drepne, mellom anna den kjende opposisjonelle journalisten Anna Politkovskaja. I alt er 58 journalistar drepne i Russland dei siste 30 åra (tal frå 2021).

Filippinane

Ifølgje Maria Ressa, den eine av dei to fredsprisvinnarane i 2021, har det aldri vore så farleg og risikabelt å jobbe som journalist som det er i dag. Ho får dagleg drapstrugslar, og opplever av styresmaktene på Filippinane til stadigheit rettsforfølgjer ho for påståtte lovbrot. Målet er å få ho til å teie om maktmisbruk og krenkingar av grunnleggjande menneskerettar.

Sjå intervjuet der Maria Ressa blir truga på livet av den filippinske presidenten Rodrigo Duterte, på nrk.no: Forfulgt og truet på livet – nå får hun Nobels fredspris

Tyrkia

I 2020 blei to tyrkiske journalistar fengsla, og dei risikerer opptil ni år bak murane etter å ha omtalt gravferda til ein tyrkisk etterretningsoffiser. I 2021 var heile 43 tyrkiske journalistar bak lås og slå, skulda for å ha fornærma presidenten eller formidla informasjon styresmaktene definerer som "statsfiendtleg".

Styresmakter hindrar informasjonsflyt i sosiale medium

I Kina og Nord-Korea er det streng statleg kontroll av både og sosiale medium. Andre autoritære regime stengjer periodevis tilgangen til internett for å få kontroll over befolkninga.

Døme på slike regime er Myanmar, Etiopia og Kviterussland, der styresmaktene jamleg stengjer for å forhindre fri informasjonsflyt.

Dette rammar i neste omgang også dei redaksjonelle media, som er avhengige av tilgang til augevitneskildringar frå område og hendingar der dei sjølve ikkje får tilgang.

Etiopia

Styresmaktene i Etiopia er mellom anna skulda for å hindre at brot på menneskerettar og eventuelle krigsbrotsverk i Tigray-provinsen blir kjende, ved å både nekte journalistar tilgang og stengje sosiale medium.

Journalistikk kan tvinger verdssamfunnet til å handle

Når media set søkjelys på menneskelege lidingar, blir verdssamfunnet tvinga til å handle. Derfor er det viktig at både journalistar og andre medieforteljarar synleggjer at mange menneske i verda manglar grunnleggjande menneskerettar.

Kjelder

Eide, E. (2021, 13. oktober). Journalistikk, krig og fred. NUPI. https://www.nupi.no/Publikasjoner/Innsikt-og-kommentar/Hvor-hender-det/HHD-2021/Journalistikk-krig-og-fred

Hjeltnes, T. B., Høyås, F. S. & Breivik, I. C. (2021, 25. mai). Tyrkiske medier lider under Erdogan. OsloMet, Journalen. https://journalen.oslomet.no/2021/05/43-journalister-i-fengsel-i-tyrkia

NTB (2021, 16. februar). 93 større internett-nedstenginger i 21 land. Bistandsaktuelt. https://www.panoramanyheter.no/menneskerettigheter-sivile-og-politiske-rettigheter/93-storre-internett-nedstenginger-i-21-land/162404

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2021