Intervjuteknikk i valdebattar - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Intervjuteknikk i valdebattar

I denne oppgåva skal du lytte til ein politisk debatt og utforske samspelet mellom journalisten og politikarane.

Svarer politikarane på spørsmåla?

Sjå heile eller delar av partileiardebatten som blei send på NRK 6. september 2019 i samband med kommune- og fylkestingsvalet.

Lytt nøye til spørsmåla og svara i debatten.

  1. Kor mange spørsmål stiller programleiaren i løpet av den første halvtimen?
  2. Kor mange av desse spørsmåla svarer politikarane direkte på?
  3. Kor mange gonger svarer politikarane på noko heilt anna enn det han spør om?
  4. Er det nokon av politikarane som utmerkjer seg når det gjeld «å snakke bort» det programleiaren spør om?
  5. Kva skjer når journalisten stiller oppfølgingsspørsmål?
  6. Formuler eitt spørsmål til kvar av politikarane i debatten, som du meiner programleiaren burde ha stilt.
  7. Kva ville du ha gjort dersom du ikkje fekk svar på det du spurde om?
Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021