Oppgave
Debattkultur på internett
Internett og sosiale medium er ein viktig arena for samfunnsdebatt. I denne oppgåva skal du studere debattkultur på nett og sjå nærare på ytringar i kommentarfelta til nyheitssaker.
Del 1: Vurder ein debatt på Internett
Sett deg inn ein debatt som går føre seg i samband med ei aktuell nyheitssak på nett. Studer kommentarane og gi ei vurdering av dei.
Finn ut:
- Kven deltar i debatten? Stikkord: kjønn, alder, politisk tilhøyrsel eller annan gruppetilhøyrsel.
- Kva kjenneteiknar debatten? Er innlegga saklege? Er det lange, forklarande innlegg eller korte påstandar? Held ein seg til saka?
- Korleis utviklar debatten seg? Sklir han ut på nokon måte? Korleis?
- Har debattane moderatorar? Korleis kjem dette eventuelt til syne?
- Synest du debattar i nettavisene bør ha moderatorar? Grunngi svaret ditt.
- Trur du deltakarane i debatten er medvitne ytringsansvaret sitt? Ytringsfridommen medfører plikter og ansvar. Ytringsansvar handlar om å ta ansvar for ytringane sine og vere klar over at nokre ytringar kan verke krenkjande på andre.
Del 2: Nettaviser stenger kommentarfelt
Nettdebattar er eit viktig bidrag til demokratiet. Her kan alle komme til orde, eit breitt mangfald av ytringar og stemmer kan delta i diskusjonar.
Pressa har eit spesielt ansvar for å legge til rette for ein open debatt og bidra til at ulike syn kjem til uttrykk. Samstundes har fleire norske nettaviser no valt å stenge kommentarfelta sine.
- Undersøk kva for nokre norske nettaviser som har vedtatt å stenge kommentarfelta sine.
- Kvifor trur du nettavisene har tatt dette valet?
- Kva er samanhengen mellom ytringsansvar og god debattkultur?
- Eit levande demokrati treng eit mangfald av stemmer. Når kommentarfelt blir stengde, kan debatten flyttast over i mørke krokar og lukka rom. Kva kan det føre til?
Kan ein usunn debattkultur på nett true demokratiet?