Internasjonal mediepolitikk og globalisering - Gi mediepolitiske råd til kulturministeren - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Internasjonal mediepolitikk og globalisering

Oppgåve

Gi mediepolitiske råd til kulturministeren

Korleis skal Noreg forhalde seg politisk til utviklinga i den internasjonale mediemarknaden? I denne oppgåva skal de definere kva problem norske mediepolitikarar bør vere opptekne av, og kome med forslag til tiltak.

Steg 1

Jobb gjerne saman to og to eller i mindre grupper.

  1. Les debattinnlegget "Facebook kan ikke gjemme seg lenger" på M24. Debattinnlegget er skrive av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i november 2021.

  2. Lag ei punktliste over dei problema Trettebergstuen meiner mediepolitikarar må vere opptekne av når det gjeld utviklinga i den internasjonale mediemarknaden.

    Er det noko de meiner manglar på denne lista? I så fall kan de leggje til eigne punkt.

Steg 2

Vel ut fem viktige satsingsområde for norsk dei neste fire åra. For kvart av desse satsingsområda skal de føreslå konkrete tiltak som regjeringa bør setje i verk.

Bruk gjerne eit skjema som dette:

Satsingsområde

Tiltak

1 (Beskriv satsingsområdet og kvifor det er viktig at politikarane jobbar med dette.)

(Kom med forslag til konkrete tiltak som regjeringa bør gjennomføre åleine eller i samarbeid med andre land.)

2

3

4

5

Steg 3

Vel ut det viktigaste mediepolitiske tiltaket frå skjemaet dykkar og presenter det på Facebook-sida til kulturminister Anette Trettebergstuen.

Som kulturminister er det ho som har ansvaret for norsk mediepolitikk.

Forklar kven de er, og at dette er ein del av ei skuleoppgåve. Hugs at innlegget må vere seriøst, sakleg og presist formulert. Be læraren ta ein sjekk før de postar innlegget.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2022

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Internasjonal mediepolitikk og globalisering