Internasjonal mediepolitikk og globalisering - Utforsk EUs teknologi- og mediepolitikk - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Internasjonal mediepolitikk og globalisering

Arbeidsoppdrag

Utforsk EUs teknologi- og mediepolitikk

EUs mediepolitikk er nedfelt i ulike retningslinjer og lover. Måla for mediepolitikken i EUs medlemsland er beskrivne i direktiv og forordningar. I denne oppgåva skal de utforske fem av dei.

Organisering

Del klassen inn i fem grupper. Kvar gruppe skal ha

  • ein arbeidsleiar

  • éin eller to referentar som tek notat undervegs

  • minst to elevar som er ansvarlege for å presentere det gruppa finn ut

  • éin elev som har ansvar for å stille spørsmål til dei andre gruppene

Oppdrag

Kvar gruppe skal utforske ein av fem retningslinjer eller lover frå EU ved å søkje i offentlege dokument og nettaviser. Vel blant desse:

  1. AMT-direktivet

  2. GDPR-forordninga

  3. DSA-forordninga

  4. DMA-forordninga

  5. DSM-direktivet

Gruppa skal finne ut

  • kva eller handlar om

  • kvifor det er aktuelt og relevant å regulere det aktuelle området

  • i kva grad EUs retningslinjer og lover påverkar norsk

Presentasjon

Dei viktigaste funna skal de presentere munnleg for resten av klassen på ein engasjerande måte. Som støtte skal gruppa bruke eit digitalt presentasjonsverktøy.

Etter kvar presentasjon skal ein elev frå kvar av dei andre gruppene stille minst eitt spørsmål som gruppa har førebudd til innhaldet i presentasjonen.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2022