Kva inneber det å ha ytringsansvar? - Ulovlege ytringar - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kva inneber det å ha ytringsansvar?

Fagartikkel

Ulovlege ytringar

Sjølv om det er ytringsfridom i Noreg, er ikkje alle ytringar lovlege. Det finst fleire lovfesta avgrensingar i ytringsfridommen, som forbod mot å setje fram truslar, krenkingar av privatlivets fred, trakassering og grovt pornografiske, diskriminerande og hatefulle utsegner.

Krenkingar av privatlivets fred

Grunnlova slår fast at alle menneske har rett til eit privatliv, ein privat sfære der du kan vere deg sjølv og i fred for andre:

Alle har rett til respekt for privatlivet og familielivet sitt, for heimen sin og kommunikasjonen sin. (Grunnlova § 102)

Ifølgje straffelovas § 267 er det er ulovleg å ytre seg offentleg på ein måte som krenkjer privatlivets fred. Det gjeld òg ytringar om menneske som til vanleg opptrer i offentlegheita. Til dømes er det ulovleg å publisere eit smugfilma videoopptak av ein kjendis som solar seg i hagen.

Yrkesgrupper som handterer sensitive opplysningar om enkeltpersonar, har teieplikt. Det gjeld mellom anna lærarar, helsepersonell, advokatar og prestar. Er du representant i elevrådet, må du skrive under på at du ikkje skal gå ut med alle opplysningar du kan kome til å få tilgang til. Det er straffbart å bryte teieplikta.

Det er vanskeleg når prinsippa om ytringsfridom og prinsippa om personvern barkar i hop. Derfor hamnar til dømes tilsette i skulen og barnevernet i eit dilemma: I media fortel folk om erfaringane sine, men dei som blir utsette for kritikk har ikkje moglegheit til å fortelje si side av saka. Då kan dei nemleg bryte reglane for personvern.

Ærekrenkingar

Å krenkje æra til andre er i seg sjølv ikkje straffbart, men du kan risikere at den som kjenner seg krenkt, reiser erstatningssak mot deg. Dersom ærekrenkinga går ut over privatlivets fred, er det straffbart. Til dømes er det ulovleg å spreie, framstille og skaffe krenkjande bilete av andre personar.

Med bot eller fengsel inntil 1 år straffes den som uberettiget gjør tilgjengelig for en annen bilde, film eller lydopptak av krenkende eller åpenbart privat karakter, for eksempel av noens seksualliv eller intime kroppsdeler, noen som utsettes for vold eller andre ydmykelser, eller noen som befinner seg i en svært sårbar eller utsatt situasjon. (Straffelova § 267 a)

Trakasserande, diskriminerande og hatefulle ytringar

Trakasserande ytringar er ytringar som krenkjer, skremmer, nedverdigar eller audmjukar andre menneske. Ifølgje straffelova § 266 er det ulovleg å krenkje freden til andre ved "skremmende eller plagsom opptreden eller annen hensynsløs atferd".

Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Grove, hatefulle eller diskriminerande ytringar kan ifølgje straffelova § 185 blir straffa med bøter eller fengsel. Dette gjeld òg ytringar som blir publiserte på digitale medium.

Med diskriminerande eller hatefull ytringar meiner vi det å truge eller håne nokon eller fremje hat, forfølging eller vanvørdnad overfor nokon på grunn av deira

  • hudfarge eller nasjonale eller etniske opphav

  • religion eller livssyn

  • seksuelle orientering

  • nedsette funksjonsevne

Døme på ei straffbar ytring

Sitat frå Facebook-gruppa «Vi som støttar Sylvi Listhaug», hausten 2017:

Fandens svarte avkom reis tilbake til Somalia og bli der din korrupte kakkelakk.

Korleis ville du ha reagert dersom nokon kalla deg for ein "korrupt kakerlakk"?

Nokre gonger kan det vere vanskeleg å avgjere kva ytringar som er straffbare, sidan menneske har ulikt toleransenivå. I ein dom frå 2020 slår Høgsterett fast at kjenneteiknet på ei diskriminerande og hatefull ytring er at «den alminnelege tilhøyraren» oppfattar utsegnene som ei grov krenking og nedvurdering av menneskeverdet til den fornærma, med referanse til eksempelvis hudfarge og etniske opphav.

Truslar og oppmoding til vald

Ifølgje straffelova § 263 er det ulovleg å setje fram truslar om å skade andre. Til dømes er det straffbart dersom du og kompisane dine trugar ein annan gjeng med at dei vil bli banka opp neste gong de møtest. Truslar er ytringar som framkallar alvorleg frykt.

Det er òg ulovleg å oppmode andre til å utøve vald mot enkeltpersonar eller befolkningsgrupper.

Døme frå Facebook-gruppa «Fedrelandet viktigst»

Det er vel bedre at vi fjerner disse avskyelige rottene fra jordens overflate selv tenker jeg!!

Kvifor blir denne ytringa ramma av straffelova?

Pornografiske ytringar

Pornografi er verbale eller visuelle framstillingar som har som føremål å verke seksuelt opphissande. Synet i samfunnet på pornografi har endra seg mykje dei siste 50 åra, men framleis er det forbode å vidareformidle det som blir kalla "grov pornografi" i Noreg.

Men sjølv om toleransen for pornografi har endra seg, er alle framstillingar som seksualiserer barn forbode, ifølgje straffelova. Det same er spreiing, sal, kjøp eller byting av slikt materiale. Det er derfor lovstridig å ta, oppbevare eller dele nakenbilete eller -filmar av personar som er under 18 år.

Overgrep mot barn på Instagram

I 2020 kartla NRK korleis sal av overgrepsmateriale skjer organisert og openlyst på Instagram. På kort tid fann dei 150 overgrepsbilete med seksualisert materiale av barn heilt ned i femårsalderen.

NRK: Åpenlyst kjøp og salg av overgrep mot barn på Instagram

Ytringar som trugar tryggleiken i riket

Det er forbode å avsløre løyndommar som gjeld grunnleggjande nasjonale interesser, og ytre seg på måtar som utset rettsstaten og demokratiet for stor fare. Slike ytringar kan vere ein trussel mot tryggleiken til borgarane og skade allierte nasjonar. Personar som utfører arbeid for stat og kommune, kan påleggjast teieplikt.

For å hindre at teieplikta fører til maktmisbruk, er det lov for arbeidstakar å varsle om det som kan vere uetiske, ulovlege eller lovstridige forhold i Noreg. Dersom du varslar, skal du vere verna mot motåtak frå arbeidsgivar.

Kor lojal bør ein journalist vere dersom han eller ho finn ut at maktmisbruk, ulovleg overvaking eller andre kritikkverdige forhold medvite blir halde skjult, under tilvising til tryggleiken til riket? Skal det vere lov å avdekkje slike forhold gjennom undersøkjande journalistikk, som ledd i kontrollfunksjonen til pressen?

I 2003 konkluderte eit offentleg utval med at kontrolloppgåva til pressen bør kunne utøvast på området for tryggleiken til riket, der dei andre kontrollmoglegheitene i samfunnet har vist seg ikkje å strekkje til.

Julian Assange – varslar eller spion?

USA har sikta den australske journalisten Julian Assange for spionasje. Som grunnleggjar av organisasjonen WikiLeaks, avdekte han mellom anna korleis USA kynisk bryt regelen om at sivile skal vernast i krig. For kvar jihadist som døydde i amerikanske bombeangrep i Jemen, vart 50 uskuldige drepne.

Britiske styresmakter har fengsla Assange fordi han på eit tidspunkt braut vilkåra for lauslatinga mot kausjon, men førebels er han ikkje utlevert til USA.

Nokre viktige omgrep

Kjelder

Grunnlova. (1814). Kongeriket Noregs Grunnlov (LOV-1814-05-17). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/nl/lov/1814-05-17

Noregs Høgsterett (2020). Straff for hatefulle ytringer. https://www.domstol.no/enkelt-domstol/hoyesterett/avgjorelser/2020/hoyesterett-straff/hr-2020-2133-a/

Norsk Redaktørforening. Privatliv. https://www.nored.no/juss/krenkelser/privatliv

NOU 2003: 18. (2003). Rikets sikkerhet. Justis- og politidepartementet. https://lovdata.no/static/nou/nou-2003-18.PDF

Schwencke, M. & Dahl, C.A. (2020, 30. januar). Høyesterett reduserte straffen for kvinne som kom med hatefull ytring på Facebook. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/kultur/i/6jg0xo/hoeyesterett-reduserte-straffen-for-kvinne-som-kom-med-hatefull-ytring

Straffelova. (2005). Lov om straff (LOV-2005-05-20-28). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2005-05-20-28

Relatert innhald

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 12.11.2021