Halvbroren frå roman til fjernsynsdrama (tverrfagleg fordjuping) - Introduksjon - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Halvbroren frå roman til fjernsynsdrama (tverrfagleg fordjuping)

Introduksjon

CC BY 4.0

Her kan vg3-elevar fordjupe seg i adapsjon i norsk og mediefag. Utgangspunktet er filmatiserte romanar av Lars Saabye Christensen.

Når du har jobba med denne tverrfaglege læringsstien, skal du

  • vite kva adapsjon er
  • kjenne til grunnleggande forskjellar mellom forteljarteknikk og verkemiddel i litterære forteljingar og filmforteljingar
  • kunne bruke faglege teoriar og omgrep frå norskfaget og mediefaget i analyse av litterære forteljingar og filmforteljingar
  • kunne reflektere over samanhengar mellom form og innhald i ein roman og eit fjernsynsdrama og skrive litterære tolkingar og samanlikningar
  • kunne fordjupe deg i eit tverrfagleg emne på ein sjølvstendig måte