Fagpresentasjon av eige medieprodukt - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Fagpresentasjon av eige medieprodukt

Vel ut ein av dei praktiske medieproduksjonane du har gjort i løpet av året. Medieproduksjonen skal danne utgangspunkt for ein presentasjon. Du skal drøfte ulike sider ved produktet og grunngi faglege val.

Vel ut ein praktisk medieproduksjon du har gjennomført i mediesamfunnet i løpet av året.

  • Medieproduksjonen skal danne utgangspunkt for ein digital fagpresentasjon.

  • I presentasjonen skal du gå inn på ulike sider ved produktet og grunngi faglege val. Du skal òg sjå på retoriske strategiar, kjeldebruk, funksjon og dessutan etikk og lovverk.

1) Lag ein digital presentasjon der du presenter medieproduktet og grunngir faglege val

  1. Presenter medieproduktet: Kva er tema og bodskap? Kva verkemiddel har du brukt for å få fram bodskapen? Vis til konkrete døme.

  2. Innhaldskategori og sjanger: I kva kategori og sjanger vil du plassere medieproduktet ditt? Er det journalistikk, kommunikasjonsarbeid, marknadskommunikasjon eller underhaldning? Peik på sjangertypiske trekk ved produksjonen.

  3. Målgruppe: Kven er målgruppa di? Kva verkemiddel har du brukt for å nå fram til målgruppa? Vis til konkrete døme frå produksjonen.

  4. Retorikk: Korleis bruker du retoriske strategiar i dette medieproduktet? Speler du på logos, patos eller etos for å overtyde og påverke målgruppa di? Kvifor? Grunngi vala dine.

  5. Etikk og lovverk: Korleis har du teke omsyn til etiske retningslinjer i produksjonen? Og korleis har du opptredd med omsyn til opphavsrett?

  6. Kjeldebruk: Vurder din eigen kjeldebruk. Har du dokumentert og vist til kjelder på ein medviten måte?

  7. Funksjon: Diskuter kva funksjon medieproduktet har i samfunnet.

  8. Eigenvurdering: Vurder medieproduksjonen. Kva fungerer bra, kva fungerer ikkje så bra i denne produksjonen?


Hald presentasjonen for resten av klassen.


Relatert innhald




Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2021