Etiske problemstillingar i redaksjonelle medium - Yrkesetikk for journalistar - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Etiske problemstillingar i redaksjonelle medium

Fagartikkel

Yrkesetikk for journalistar

Her er ei kort oppsummering av dei viktigaste yrkesetiske reglane som gjeld for norske journalistar og redaktørar. Som medieelev bør du følgje desse reglane i din eigen medieproduksjon.
Videoen handlar om dei yrkesetiske reglane som er nedfelte i Ver varsam-plakaten, og som journalistar må ta omsyn til. Videoen er laga av TV 2 og er nokre år gammal. Video: TV2 / CC BY-NC-ND 4.0

Dei yrkesetiske reglane i pressa

Ver varsam-plakaten (VVP) er eit sett med yrkesetiske normer som gjeld for trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjonar i Noreg. Regelverket er laga av pressa sjølv og omfattar heile den journalistiske prosessen, frå innsamling til presentasjon av det journalistiske materialet. Plakaten vart sist oppdatert i 2021.

I Ver varsam-plakaten finst det etiske reglar som beskriv

  • samfunnsrolla til pressa

  • krava til integritet og truverd hos journalistar og redaktørar

  • journalistisk åtferd og forholdet til kjeldene

  • reglar for publisering

Kvar enkelt redaktør og medarbeidar pliktar å følgje Ver varsam-plakaten, og det etiske regelverket er vedteke av Norsk Presseforbund. "Alternative" medium som ikkje er medlemmer i Norsk Presseforbund, er ikkje forplikta av VVP på same måten.

Som medieelev bør du ta omsyn til Ver varsam-plakaten når du opptrer som journalist i samband med skuleoppdrag.

Relatert innhald

Sjølvjustisen i pressa og PFU

I Noreg er det pressa sjølv som har ansvaret for å passe på at dei etiske retningslinjene blir følgde. Pressas faglege utval (PFU) er eit klageorgan som er oppretta av Norsk Presseforbund. PFU skal sørgje for at pressa følgjer god presseskikk og reglane i Ver varsam-plakaten.

Pressas faglege utval er samansett av sju faste representantar, fire frå media og tre frå allmenta. Media er representerte ved to redaktørar og to journalistar.

Kjelder og krav til sanningsverdi

Kjeldekritikk

Verdien av journalistikken står og fell på at publikum har tillit til at pressa har høg sanningsverdi og er til å stole på. Grundig kjeldekritikk er ein føresetnad for all journalistikk. Det er også viktig å vise skilja mellom subjektive meiningsytringar og informasjon som byggjer på fakta.

Kjeldevern

Retten for journalistar til å verne kjeldene sine er nedfelt i den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 10. Føremålet med kjeldevern er mellom anna å sørgje for at allmenta får kjennskap til viktig informasjon som kjelda elles ikkje ville våge å stå fram med, av frykt for represaliar.

Video: film_konsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Relatert innhald

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2021