Yrkesetikk for journalistar
Dei yrkesetiske reglane i pressa
I Noreg har vi strenge spelereglar for korleis journalistar får oppføre seg. Sjå filmen nedanfor (lengde 4:23) om dei yrkesetiske reglane journalister må forhalde seg til.
Ver Varsam-plakaten (VVP)
Ver Varsam-plakaten (VVP) er eit sett med yrkesetiske normer som gjeld for trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjonar i Noreg. Regelverket er laga av pressa sjølv og omfattar heile den journalistiske prosessen, frå innsamling til presentasjon av det journalistiske materialet. Plakaten vart sist oppdatert i 2024.
I Ver Varsam-plakaten finst det etiske reglar som beskriv
samfunnsrolla til pressa
krava til integritet og truverd hos journalistar og redaktørar
journalistisk åtferd og forholdet til kjeldene
reglar for publisering
Kvar enkelt redaktør og medarbeidar pliktar å følge Ver Varsam-plakaten, og det etiske regelverket er vedteke av Norsk Presseforbund. "Alternative" medium som ikkje er medlemmer i Norsk Presseforbund, er ikkje forplikta av VVP på same måten.
Som medieelev bør du ta omsyn til Ver Varsam-plakaten når du opptrer som journalist i samband med skuleoppdrag.
Sjølvjustisen i pressa og PFU
I Noreg er det pressa sjølv som har ansvaret for å passe på at dei etiske retningslinjene blir følgde. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan som er oppretta av Norsk Presseforbund. PFU skal sørge for at pressa følger god presseskikk og reglane i Ver Varsam-plakaten.
Pressens Faglige Utvalg er samansett av sju faste representantar, fire frå media og tre frå allmenta. Media er representerte ved to redaktørar og to journalistar.
Kjelder og krav til sanningsverdi
Kjeldekritikk
Verdien av journalistikken står og fell på at publikum har tillit til at pressa har høg sanningsverdi og er til å stole på. Grundig kjeldekritikk er ein føresetnad for all journalistikk. Det er òg viktig å vise skilja mellom subjektive meiningsytringar og informasjon som bygger på fakta.
Kjeldevern
Retten for journalistar til å verne kjeldene sine er nedfelt i Den europeiske menneskerettskonvensjonen, artikkel 10. Formålet med kjeldevern er mellom anna å sørge for at allmenta får kjennskap til viktig informasjon som kjelda elles ikkje ville våge å stå fram med, av frykt for represaliar.