Elevforsking på media - Gjer greie for og vel forskingsmetode - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Elevforsking på media

Oppgåve

Gjer greie for og vel forskingsmetode

Ein forskingsmetode er ein framgangsmåte du kan bruke for å samle inn empiriske data som klargjer ei problemstilling. Kva går dei ulike metodane ut på, og kva metode bør du velje?

Oppgåve 1: Forklar forskjellar på metodar

  1. Forklar forskjellen på ei kvantitativ og ei kvalitativ undersøking.

  2. Kva er fordelane og ulempene ved å bruke kvantitative metodar?

  3. Kva er fordelane og ulempene ved å bruke kvalitative metodar?

Oppgåve 2: Presenter ulike forskingsmetodar

I tenesta Verktøykassa her på ndla.no finn du mange gode tips til metodar du kan bruke når du vil utforske eit fenomen. Her er lenker til fire fagartiklar i Verktøykassa som handlar om ulike forskingsmetodar:

Lag ein digital presentasjon av desse metodane der du kort skisserer

  • kva metoden gå ut på

  • kva styrkar og svakheiter metoden har har

  • etiske problemstillingar knytte til bruk av metoden

  • døme på situasjonar der det kan vere nyttig å bruke metoden

Oppgåve 3: Vel relevant forskingsmetode

Det er problemstillinga som avgjer kva framgangsmåte du bør velje. Framgangsmåten må nemleg eigne seg for å klargjere spørsmålet du undersøker.

Her er fire moglege problemstillingar:

  1. Er det vanleg blant unge mellom 16 og 18 år å dele nakenbilete?

  2. Kva nyheitsrammer bruker vanlegvis norske journalistar når dei omtaler unge rullestolbrukarar?

  3. Kvifor blir jenter som gamar utsette for mobbing og trakassering?

  4. Oppfører unge seg på ein annan måte når dei ser film på kino enn når dei ser film heime saman med ein venn?

Vel metodar som passar til å klargjere kvar av desse fire problemstillingane. Grunngi vala du gjer.

Relatert innhald

Fagstoff
Metodar i utforsking

Ei innføring i ulike metodar du kan bruke til å utforske eit fenomen: observasjon, spørjeundersøking, kjeldestudium, feltarbeid og statistisk analyse.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022