Egenvurdering
Eigenvurdering for emnet mediemakt
Kva er makt, og kvifor kan vi seie at media både er ein maktaktør og ein arena for maktutøving? Her får du ei liste med punkt for å sjekke kva du har forstått om mediemakt.
- Eg veit kva dagsorden og portvaktfunksjon betyr.
- Eg har lært at definisjonsmakt er ei form for usynleg makt, og eg veit korleis denne makta kan kome til uttrykk.
- Eg veit kva som ligg i uttrykket "journalistikken si framstillingsmakt".
- Eg veit kva som blir meint med "medialisering av den offentlege samtalen" og kjenner til kva konsekvensar det kan få.
- Eg forstår kvifor og korleis sosiale medium er med på å setje dagsordenen og påverke samfunnsdebatten.
- Eg forstår kva som ligg i samfunnsoppdraget til media, og kvifor dette er viktig for demokratiet.
- Eg veit kvifor nyheitsmedia blir omtalte som "den fjerde statsmakta", og eg kan forklare kva som ligg i dette uttrykket.
Eg kjenner til og kan drøfte positive og negative sider ved måten media utøver makta si på i Noreg.
Eg veit korleis medierådgivarar og kommunikasjonsmedarbeidarar kan hjelpe politikarar, næringsliv og organisasjonar til å byggje omdømme og fremje interessene sine i media.
Eg veit korleis aksjonistar kan bruke media til å oppnå det dei ønskjer.
Eg veit korleis enkeltpersonar kan ha definisjonsmakt og setje dagsordenen.
Eg veit kvifor det er viktig at alle grupper i samfunnet blir synleggjorde og representerte i media.
den offentlege samtalen | dagsordenfunksjon | portvaktfunksjon |
viljemakt | definisjonsmakt | strukturell makt |
medialisering | kjeldemakt | den fjerde statsmakta |