Oppgave
Dagsorden og representasjon
Media er med på å bestemme kva saker publikum blir oppteke av. Gjennom dagsordenfunksjonen har media stor innverknad på samfunnet vårt. I denne oppgåva skal du undersøkje kva saker som er på dagsordenen, og kva kjelder som slepper til i media.
A: Dagsorden
- Kva er dagens store nyheitssaker?
- Kvifor trur du desse sakene er sette på dagsordenen?
- Kva for nokre av desse sakene synest du er mest interessant? Grunngi svaret ditt.
B: Representasjon
- Kva stoffområde får mest plass – politikk, økonomi, helse eller kultur?
- Kven blir brukt som intervjuobjekt i dei ulike sakene?
- Pressa har eit spesielt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk. Synest du dagens nyheitsbilete ber preg av dette? Grunngi svaret ditt.
- Nokre grupper slepper sjeldan til i media. Kva konsekvensar kan det ha for demokratiet vårt?
- Barn og ungdom er eksempel på grupper som sjeldan slepper til som kjelder i media. Finn du eksempel på saker der barn og ungdom får ytre seg?