Eigenvurdering for emnet kultur og religion i media - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering for emnet kultur og religion i media

Media speglar og formar det biletet vi har av religion, og av menneske i by og bygd. Medieforteljingar kan skape respekt og forståing mellom folk og kulturar, men også stereotypiar og fordommar. Kva kan du om dette emnet?

Kva har du lært om kultur og religion i media?

Gå gjennom desse punkta og få oversikt:

  • Eg forstår korleis media kan bidra til å utvikle og halde oppe stereotypiar og fordommar, og kan avsløre slike haldningar i ulike medieuttrykk.

  • Eg veit kva omgrepet medialisering betyr, og kan gi døme på korleis medialisering påverkar religion og kultur.

  • Eg veit kva populærkultur er, og korleis religion og kultur kjem til syne i populærkultur.

  • Eg forstår kvifor frykt for stigmatisering kan vere ein trussel mot ytringsfridommen i Noreg.

  • Eg kan drøfte og gi døme på korleis media kan fremje respekt og forståing for menneske som er ulike meg sjølv.

  • Eg kjenner til teoriane til David Goodhart og Pierre Bourdieu om kulturelle forskjellar mellom ulike befolkningsgrupper, og forstår korleis desse teoriane kan brukast til å forklare spenningar mellom bykultur og bygdekultur.

Sjekk om du kan fagomgrepa

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022