Grensene for ytringsfridommen og hatefulle ytringar - Klassediskusjon: Avgrensingane til ytringsfridommen - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Grensene for ytringsfridommen og hatefulle ytringar

Oppgåve

Klassediskusjon: Avgrensingane til ytringsfridommen

Ytringsfridom er eit ufravikeleg og viktig prinsipp i samfunnet vårt. Grensene til ytringsfridommen er eit omdiskutert tema. Kva meiner du om avgrensingane til ytringsfridommen? Gjennomfør ein klassedebatt og presenter argumenta dine der.

Ytringsfridom er ein grunnleggande menneskerett og eit viktig prinsipp i demokratiet vårt. Likevel står ytringsfridommen overfor ulike utfordringar og dilemma.

Tenk over:

  • Kjenner du til saker der du meiner at ytringsfridommen har vorte tøygd for langt?
  • Har du nokon gong halde tilbake meiningane dine i frykt for å krenkje andre?

Ulike dilemma

Diskusjonar tar med jamne mellomrom for seg ulike problemstillingar knytte til ytringsfridommen, og grensene til ytringsfridommen er eit tema som ofte blir diskutert. Nokon hevdar til dømes at alle typar ytringar bør kunne diskuterast i offentlegheita, og at ein ikkje bør ta omsyn til om nokon føler seg krenkte av bestemde ytringar.

Andre meiner derimot at det er viktig å ytre seg med varsemd og ikkje krenkje nokon unødig. Nokon gonger kan det vere utfordrande å avgrense ytringsfridommen. I eit demokrati er det nemleg viktig å legge til rette for diskusjonar der ulike stemmer og meiningar slepp til.

Klassedebatt

Klassen din skal gjennomføre ein diskusjon der de går inn på denne problemstillinga: "Bør ytringsfridommen vere absolutt, eller er det riktig å ha avgrensingar på ytringsfridommen?"

  1. Les gjennom artikkelen Ytringsfrihetens grenser.
  2. Gjer research på temaet.
  3. Finn argument som belyser problemstillinga. De kan hente inspirasjon til argument i tabellen under, men det er viktig at de tenker godt gjennom problemstillinga og baserer argumentasjonen på eigne meiningar.
  4. Diskusjon i lita gruppe: Legg fram argument for ei gruppe på fire personar først. Her kan de få innspel og tilbakemeldingar frå kvarandre slik at de står sterkare i plenumsdiskusjonen etterpå.
  5. Vel ein ordstyrar som skal leie klassedebatten.
  6. Legg fram ulike argument og still opp til klassedebatt! Alle gruppene skal legge fram argument i debatten.

Argument som kan belyse problemstillinga

Argument for avgrensingar på ytringsfridommen

Argument mot avgrensingar på ytringsfridommen

Ytringsfridommen må avgrensast for å redusere skadeverknadene av til dømes hatefulle ytringar.

Ytringsfridom er grunnleggande for demokratiet, kvifor skal samfunnet setje grenser for kva vi kan ytre oss om?

Ein bør ytre seg med varsemd og ikkje krenkje nokon unødvendig, ein må ta ansvar for ytringane sine.

Ytringsfridommen bør vere absolutt, alle typar ytringar bør kunne diskuterast i offentlegheita.

Rasistiske ytringar er uakseptable og kan føre til auka rasisme. Denne typen ytringar bør bli ramma av lovverket.

Ytringsfridommen er det beste middelet vi har i møte med uønskte og ekstreme ytringar.

Kjelde

Asbjørnsen, D., Beyer, A., Eide, B. Haukanes, L., Kjelling, K. Larsen, E., Lysne, A., Svensøy, T., Thommesen, T., Totland, G. (2018) Hallo, Medier og kommunikasjon 2, Hellesylt (2009) Mediekommunikasjon 1. Oslo: Aschehoug.

Relatert innhald

Fagstoff
Grensene for ytringsfridomen

Grunnlova set rammer og grenser for ytringsfridomen. Grov netthets kan straffast med bøter eller fengsel.

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2019