Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Juss og etikk i mediekommunikasjon

Fagstoff

Ver Varsam-plakaten og sjølvjustisen i pressa

Norske medium har sjølve ansvar for det som blir publisert, men har utarbeida eit sett med etiske reglar som alle journalistar bør følgje. Pressa sine eigne etiske reglar er nedfelt i Ver Varsam-plakaten. Dei som bryt med desse reglane, kan få påtale av Pressas faglege utval.

Sjølvjustisen i pressa

Heilt sidan 1800-talet har norske medium hatt ei fri stilling overfor statlege styresmakter. Det er eit resultat av at Grunnlova i 1814 slo fast at det skal vere ytringsfridom og trykkefridom i Noreg.

Norske medium blir styrte etter det som blir kalla den sosialt ansvarlege pressemodellen, der pressa har ei fri og uavhengig stilling, men underkastar seg ein presseetisk sjølvjustis.

Truverdet til media er vidare avhengig av eit klart skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame eller sponsing. Publikum skal vere trygge på at det redaksjonelle stoffet spring ut av ei sjølvstendig og uavhengig journalistisk vurdering, og at innhald og presentasjon er utan bindingar til utanforståande interesser.

Ver Varsam-plakaten

"Ord og bilete er mektige våpen, misbruk dei ikke!" (Pressens Faglige Utvalg, u.å.)

Ver Varsam-plakaten er etiske normer for trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjonar i Noreg. Regelverket er laga av pressa sjølv og omfattar heile den journalistiske prosessen, frå innsamling til presentasjon av det journalistiske materialet.

Den enkelte redaktøren og medarbeidaren er forplikta til å følge Ver Varsam-plakaten, og det etiske regelverket er vedteke av Norsk Presseforbund.

"Alternative" medium som ikkje er medlem i Norsk Presseforbund, er ikkje forplikta til VVP på same måte.

Plakaten er delt inn i fire hovudområde:

1. Samfunnsrolla til pressa

Her står dei reglane som seier noko om kva rolle ei fri presse skal ha i samfunnet vårt. Det blir slått fast at pressa held i hevd viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa skal informere om det som skjer i samfunnet, og avdekke kritikkverdige forhold. På grunn av granskinga journalistar gjer av politiske prosessar, kallar vi ofte pressa "den fjerde statsmakta".

2. Integritet og truverd

I dette avsnittet finn du reglane som presiserer at pressa er uavhengig av andre makthavarar i samfunnet, anten det er politikarar, politi eller private interesser. Redaktøren og den enkelte redaksjonelle medarbeidaren skal verne om sjølvstendet sitt, integriteten sin og truverdet sitt. Forholdet mellom reklame og redaksjonelt stoff er omtalt i paragrafane 2.6, 2.7 og 2.8.

3. Journalistisk åtferd og forholdet til kjeldene

Her finn du reglar om korleis ein journalist skal forhalde seg til kjeldene sine. Det er viktig å merke seg at ei kjelde har krav på vern mot andre som kan tenke seg å skade kjelda på nokon måte. Det betyr at opplysningane ei kjelde gir til ein journalist, som hovudregel ikkje skal kunne utleverast til andre. Journalisten må òg kunne vurdere truverdet til kjeldene og har eit spesielt ansvar overfor kjelder som kanskje ikkje er klare over verknaden av det dei seier.

4. Publiseringsreglar

Denne siste delen av Ver Varsam-plakaten handlar om kva reglar som skal følgast når stoff blir publisert. Reglane for korleis kriminalitet blir omtalt i pressa, er viktige for personvernet. Reglar for korleis sjølvmord skal omtalast, finn du i paragraf 4.9. Her blir det òg sagt mykje om bruk av bilete, og spesielt bilete som er manipulerte. I dag finst det mange måtar å få eit bilete til å lyge på!

Uavhengige redaktørar

Redaktøren er sjefen for mediehuset og passar på at journalistar gjer jobben sin, og at avisa følger norsk lov, Ver Varsam-plakaten og Redaktørplakaten.

Idealet om ei uavhengig presse finn vi òg att i Redaktørplakaten. Han slår fast at ein redaktør alltid skal ha dei ideelle måla til frie medium for auge. Redaktørplakaten er laga av Norsk Redaktørforening. Han inneheld ei skildring av pliktene og rettane til redaktøren.

Redaktøren har ansvar for å

  • ta vare på ytringsfridommen

  • fremme sakleg og fri informasjons- og opinionformidling

  • arbeide for ein journalistikk som gjer det klart for mottakaren kva som er reportasje og formidling av informasjon og fakta, og kva som er mediet sine eigne meiningar og vurderingar

Kjelde

Pressens Faglige Utvalg. (u.å.). Ver Varsam-plakaten. Henta 23. april 2020 frå https://presse.no/pfu/etiske-regler/vaer-varsom-plakaten/

Relatert innhald

Skrive av Stein Vegard Olaussen, Ragna Marie Tørdal og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 15.04.2026