Fagstoff
Video
Tips til utvikling av podkastkonsept
Kva vil du lyttaren skal sitje igjen med? Øv deg, bli van med di eiga stemme, og ver ikkje redd for å ta imot tilbakemeldingar frå andre. Hugs å halde deg til det du har avtalt med lyttaren.
Uvikling av podkastkonseptet Forklart
Forklart er eit podkastformat frå Aftenposten, utvikla av programleiar Andreas Bakke Foss og produsent Karoline Fossland. Forklart er ein nyheitspodkast som kjem kvar morgon i kvardagane og varer i 15 minutt. Den skal gi lyttarane dei fem viktigaste nyheitssakene.
Podkastprogrammet legg vekt på fakta og kvalitetssikring. Dei jobba mykje med konseptet før dei starta med sendingane, og mykje med at det ikkje skulle bli for lange program.
Sjå filmen om uviklinga av podkastkonseptet Forklart (lengde 4:48)
Video: Kolbjørn Hoseth Larssen / CC BY-NC-SA 4.0
Forklart sine tips til deg som skal utvikle ein podkast
- Finn ut kva slags podkast du skal lage, og kva konsept han skal ha.
- Lyd er billeg å produsere og enkelt å eksperimentere med.
- Stemma di kan høyrast rar ut i starten, men kast deg ut i det og prøv deg fram med stemma di og ein mikrofon.
Ver deg sjølv, tenk at å lytte på podkasten din kan vere som å ha ein ven på øyret.
Sjå filmen med tips til uvikling av podkastkonsept (lengde 2:04).
Film med tips til utvikling av podkastkonsept. Video: Kolbjørn Hoseth Larssen / CC BY-NC-SA 4.0