Om lyd og lydopptak

Om lyd
Tekstversjon
No skal vi prate om lyd. Veit du kva lyd faktisk er?
Sjå for deg at du kastar ein stein i vatn. Når steinen treffer vatnet, oppstår det bølger som breier seg utover. For å ta eit døme er dette veldig likt det som skjer når ein klappar i hendene. Når du klappar, skjer det same med lufta rundt deg, men du kan ikkje sjå det fordi at lufta er usynleg, og til slutt når lydbølgene fram til nokon sine øyre. Inne i øyra sit det små membranar som vi kallar for trommehinner. Desse er nesten som eit trommeskinn, og dei blir sette i rørsle av lydbølgene. Denne rørsla blir tolka av hjernen, og han fortel deg at nokon har klappa i hendene.
På grunn av at du har to øyre, er du i stand til å høyre kvar lyden kjem frå, og om han til dømes er langt unna. Lydbølgene treffer først det eine øret og så det andre. Dette tolkar hjernen din og gir deg mykje informasjon om retninga til lyden, styrke, romma du er i, og kva som faktisk skjer i rommet du er i, og ein heil del andre ting som du kanskje aldri har tenkt over.
Og no som du veit litt meir om kva lyd faktisk er, kan vi jo spørje korleis ein mikrofon fungerer òg. Ein mikrofon fangar opp lydbølger og konverterer desse til eit elektrisk signal.
Lydopptak og opptakssituasjonen
Tekstversjon
No skal vi ta for oss sjølve opptakssituasjonen. Her kjem vi inn på nokre ting du bør tenke på når du skal ta eit lydopptak, og vi skal sjå nærmare på tre ting: mikrofonteknikk, rom og støy.
Utan å gå for mykje inn på utstyr og programvare ein kan nytte seg av når ein skal ta opp lyd, vil eg no fokusere på sjølve opptakssituasjonen, og vi startar med regel nummer éin, det som vi kallar mikrofonteknikk.
Den generelle førsteregelen når det gjeld opptak av lyd, er at mikrofonen skal vere så nært lydkjelda som mogleg. Dette gjeld spesielt i intervjusituasjonar fordi at ein ønsker at alle som pratar, skal kunne høyrast klart og tydeleg. Grunnen til at ein rettar seg etter denne regelen, er at ein ofte får mykje romkjensle i eit opptak der intervjuobjektet er eit stykke frå mikrofonen. Du vil no få høyre nokre døme på korleis dette kan høyrast ut.
Døme, sagt med tre ulike avstandar til mikrofonen:
Bruksrettleiinga, som var klar og oversiktleg, den trong vi eigentleg ikkje.
Døma du høyrde i stad, er tekne opp i eit studio, med mikrofonar og utstyr som er spesielt laga for lydopptak, men det er ikkje slik at dette er noko du treng for å kunne ta eit lydopptak.
Dei aller fleste har ein mobiltelefon. Alle mobiltelefonar har ein innebygd mikrofon, og dei aller fleste mobiltelefonane har ein app for taleopptak. Vi skal no bruke denne til å ta opp litt ulike døme, og du vil då få nokre tips til kva du bør tenke på for å få eit slikt lydopptak best mogleg. Hugs at det vi lærte i stad, mikrofonteknikk, det gjeld her òg.
No skal vi sjå nærmare på rommet eg vel å ta opptaket mitt i. Her er det òg eit par ting som det kan vere greitt å tenke på når ein skal ta eit opptak.
Døme, rom med harde flater:
No har eg starta eit opptak med telefonen min. Legg du merke til at dette høyrest litt rart ut? Det høyrest ut som eg står i eit rom som har ein del klang, ikkje sant? Vel, det er heilt rett. No er eg i eit relativt lite rom som berre har murvegger. Her vil det oppstå ein del gjenklang frå meg på grunn av at alle veggene her er det vi kallar harde flater. Lydbølgene vil ikkje bli absorberte av noko, og dermed blir dei kasta fram og tilbake mellom veggene her. Dette vil ein høyre på opptaket sjølv om eg har mikrofonen så nært meg som mogleg.
Døme, rom med mjuke flater:
No har eg flytta meg inn i eit anna rom. Høyrer du no at lyden her er betre?
Rommet eg står i no, er cirka same storleik som i førre døme, men forskjellen er at dette rommet har mange mjuke flater som absorberer meir av lydbølgene eg sender ut.
Dersom du ikkje har eit rom der mange mjuke flater er tilgjengelege, prøv å tenke på om du har med deg noko som kanskje kan dekke til delar av dei harde overflatene. Kan ein til dømes henge ei jakke ein stad? Er du deg kanskje i heimen din? Har du til dømes handkle eller ei dyne tilgjengeleg?
No spør du kanskje deg sjølv: men kva om eg skal ta opptak ute, då?
Når det gjeld opptak utandørs, vil ein ikkje oppleve den same romkjensla fordi at ofte vil ikkje lydbølgene ha noko å treffe og sprette tilbake frå. Det som er viktig å tenke på i staden då, er korleis situasjonen er. Er det mykje vind? Prøv å finne ein stad som blir skjerma av vinden. Dersom det ikkje går, prøv å dekke til mikrofonen slik at han blir skjerma for vinden.
Døme, opptak utandørs:
No har eg starta eit opptak utandørs. I dag blåser det ikkje så mykje, men eg har framleis valt å finne ein stad der eg blir litt skjerma dersom det eventuelt skulle komme eit vindkast.
Til no har vi vore gjennom eit par grunnleggande ting som kan vere greitt å hugse på når du skal ta eit lydopptak, og no skal vi sjå nærmare på den siste regelen min for denne gongen. Regel nummer tre er å fjerne ting som kan skape støy i opptaket ditt. Det eg meiner med støy her, er ting som vi opplever som forstyrrande.
Døme, opptak med tv i bakgrunnen:
Høyrer du no at det er ein tv på i bakgrunnen? Denne forstyrrar jo så mykje at det kan vere litt vanskeleg å følge med på kva eg eigentleg seier no.
Tv blir skrudd av:
Vart det betre no? No skrudde eg av tv-en, og dermed er det ikkje noko i lydopptaket som stel fokuset ditt. Når du skal ta eit opptak, prøv å gjennomføre det i eit så stille rom som mogleg.
Døme, opptak med støyande vifte i bakgrunnen:
Høyrer du vifta i bakgrunnen? Kva er det smartaste for meg å gjere no?
Vifte blir skrudd av: Eg vel å skru av vifta, slik at lydopptaket av stemma mi blir så reint som mogleg.
Lydar i bakgrunnen, musikk og naturlydar er jo gode døme på element ein gjerne ønsker å ha med i eit opptak for å skape ei stemning eller ein dramaturgi, men dette er det som regel best at ein legg på etterpå, for då har ein meir kontroll over det, og vi kan lettare redigere innhaldet vårt.
Hugs på dei tre reglane vi har gått gjennom.
Nummer éin: mikrofonteknikk. Hald mikrofonen så nært lydkjelda som mogleg.
Nummer to: rom. Tenk over korleis rommet du skal gjennomføre opptaket ditt i, er. Mjuke flater.
Nummer tre: støy. Fjern ting som forstyrrar opptaket ditt.
Så har eg eit ekstra tips til deg heilt på slutten her: Headset kan vere veldig smart å bruke når ein tek eit opptak dersom det er mogleg, då veit ein alltid sånn cirka korleis det lét mens ein er i opptakssituasjonen. Dette er ein fin måte du kan følge litt med på kva du får under opptaket.
Så prøv deg litt fram, test litt ulike opptak i ulike rom, både inne og ute. Som med alt anna: Øving gjer meister.
Om produsent og lydteknikar Håkon Braaten
Produsent og lydteknikar Håkon Braaten har produsert desse lydfilene om lydproduksjon. Han er utdanna musikar frå Westerdals Oslo ACT.
Han har jobba med lyd profesjonelt sidan 2014, har vore med på å produsere musikk for fleire artistar og dessutan vore aktiv med turnéverksemd. Han produserer òg ei rekkje podkastar.
Han produserer mellom anna podkastar som Historiepodden, Skrekkpodden og Truecrimepodden vekentleg og fleire av podkastane til TV 2 og til bedrifter og organisasjonar som Tono og Unicef.