Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Fasar i skriveprosessen

Uavhengig av formål, målgrupper og mediekanal må du gjennom dei same fasane i skriveprosessen. Her får du nokre tips til kva du må gjere.

1. Oppstart og klarleik i rammevilkår

  • Kva er formålet for skrivearbeidet? Dersom du har ein oppdragsgivar, kva trur du oppdragsgivaren ventar seg av teksten din?

  • Kven er den primære målgruppa?

  • Skal du skrive grunnleggande kreativt eller dokumentarisk?
  • Kva sjanger skriv du i, og kva kjenneteiknar denne sjangeren?

  • Kva mediekanal skal sluttarbeidet publiserast i?

  • Kva format må du ta omsyn til?

  • Kor stort omfang skal teksten ha?

  • Kva lover og etiske retningslinjer må du ta stilling til?
  • Når er deadlinen, og korleis påverkar deadlinen dei moglegheitene du har?

2. Planlegging

  • Kva idéar har du som utgangspunkt?

  • Korleis tenker du å utvikle og prioritere idéane dine?

  • Kor mykje tid treng du til research? Kva kjelder har eller treng du?
  • Kva verkemiddel og/eller forteljeteknikkar vil du bruke?

3. Research

  • Søk etter aktuell informasjon om det temaet du skal skrive om. Det gjeld anten du skal skrive dokumentarisk eller kreativt.

  • Snakk med munnlege kjelder. Dersom du ønskjer å sitere kjeldene, må du gje dei høve til sitatsjekk før du publiserer teksten.

4. Utarbeiding

Når du er ferdig med planlegging og innhenting av materiale frå kjelder, startar du skrivinga. I denne fasen kan du jobbe "fort og gale".

  • Lag ein tittel eller ei temasetning.
  • Lag ein disposisjon med utgangspunkt i tittelen eller temasetninga.
  • Skriv eller lim inn det du har, der det høyrer heime.

5. Redigering

  • Skriv kvar setning for seg, og få ho til å passe inn i samanhengen.

  • Les gjennom teksten fleire gonger. Les gjerne høgt for deg sjølv. Då er det lettare å høyre om noko skurrar.

  • Kutt ned alt av ord, setningar og avsnitt som ikkje er gode nok eller som ikkje trengst, men ta gjerne vare på det ein annan stad dersom du angrar deg.

  • Lag mellomtitlar og bilettekstar dersom du jobbar med sjangrar der det høyrer til.

  • Be gjerne andre komme med innspel. Det er lettare å sjå andre sine feil enn sine eigne.

6. Sluttføring

  • Sjekk at grammatikk og rettskriving er korrekt.
  • Du kan eventuelt be nokon som ikkje er blind på teksten, om å lese korrektur for deg.

7. Publisering

  • Teksten er klar for publisering. I profesjonell publisering vil det som regel vere andre enn deg som sjekkar at alt er som det skal med teksten, før han blir publisert.

  • Avklar korleis du som forfattar skal krediterast som , og kva teksten skal ha når han blir publisert.

  • Avklar i kva grad andre skal kunne endre og/eller utvikle teksten din vidare i ettertid.


Lykke til med skrivearbeidet!

Skrive av Albertine Aaberge, Ragnhild Tønnesen og Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 09.01.2025