Ti tips til betre bilete
Dei fleste av oss er nokså ubevisste når vi knipsar i veg. Ein god fotograf tenker gjennom kva historie hen ønsker å formidle i biletet sitt.
Det første du gjer, er å velje motiv, korleis du vil plassere motivet i biletet, vinklane du vil sjå motivet frå, og kva som skal vere med innanfor biletramma. Dette kallar vi å komponere eit bilete. Deretter vel du kamerainnstillingar som får fram nettopp det uttrykket du ønsker.
Her får du ti gode råd for fotografering.
Gå nærare
Å komme tett innpå motivet gjer mykje med eit bilete. Unngå at hovudmotivet druknar i unødvendige detaljar.
Når du kjem tett innpå, kjem det tydeleg fram kva du tek bilete av. Motivet ditt blir ryddigare når bakgrunnen blir meir uskarp.
Tenk over bakgrunnen
Prøv å få biletet ditt så "ryddig" som mogleg. For at motivet skal komme godt fram, er det viktig å ikkje ha for mange element i biletet. Det kan vere nødvendig å flytte litt på seg for å få til dette.
Utforsk ulike posisjonar, biletutsnitt og kameravinklar, og prøv noko uvanleg! Det er òg viktig å passe på at bakgrunnen blir så roleg som mogleg, og at ting i bakgrunnen ikkje forstyrrar eller kjem i konflikt med motivet ditt.
Bruk blitsen
Du treng ikkje spare blitsen til det blir mørkt. Blitslyset gir mange gode effektar i dagslys òg. Blitslyset lyser opp motivet ditt og gir fargane meir liv. I tillegg hjelper blitsen til med å fryse motiv i fart.
Vel fokuspunkt/interessepunkt
Tenk over kva du tek bilete av! Kvifor synest du akkurat dette er verdt å forevige? Når du har funne ut kva som fascinerer deg i motivet, så konsentrer deg om akkurat det, og la det komme godt fram. Gå nærare, slik at fokuspunktet ditt kjem tydeleg fram, og bruk tredelingsprinsippet (sjå neste punkt) for å oppnå ei harmonisk plassering i biletruta.
Ha tredelingsprinsippet i tankane
Tredelingsprinsippet er ein god tommelfingerregel når du skal plassere fokuspunktet ditt pent i biletet. Dette prinsippet for god komposisjon har vore nytta heilt sidan antikken og går i korte trekk ut på å dele biletflata inn i ni like ruter. Fokuspunktet ditt plasserer du i eit av kryssingspunkta til linjene framfor å plassere det midt i biletet. Horisontar kan du legge langs linjene.
Tenk på linjer og mønster
Mennesket søker naturleg etter orden og samanheng. Auget "elskar" mønster og gjentakingar, og vi leitar ubevisst etter det. Utnytt det i bileta dine. Leit etter mønster, linjer, kurver og figurar som gjentek seg, og bruk dei i motiva dine.
Tenk over lyset
Ordet fotografere stammar eigentleg frå latin og betyr "å teikne med lys". Det er ikkje tilfeldig. Lys og skugge er dei to tinga som gir liv til eit bilete. Lyset er svært avgjerande i dei fleste motiv, så tenk over korleis lyset fell på motivet ditt.
Hold kameraet stødig
Årsaka til at du får uskarpe bilete, er som oftast at du rører på kameraet idet du trykker på utløysaren. Det er viktig å halde kameraet stødig. Ei hand under kameraet er betre enn ei hand på kvar side av kameraet. Det kan vere lurt å bruke eit stativ. Fotografer i godt lys (dagtid). Bruk blitsen.
Bruk kamerainnstillingane
Gode bilete krev ei viss teknisk innsikt slik at du kan bruke kameraet ditt best mogleg i ulike situasjonar.
Fokusering
Fokusering vil seie at du lar autofokuset i kameraet få tid til å stille seg skarpt. Sikt med kameraet på fokuspunktet i biletet, og hald utløysarknappen halvvegs nede. No jobbar kameraet med å stille motivet skarpt. Det gir ofte frå seg eit lite pip når det er ferdig. Trykk så utløysarknappen heilt ned, og biletet blir eksponert.
Vel rett eksponering
Kombinasjonen av dei tre grunnpilarane i fotografi, blendaropninga, lukkartid og ISO, styrer eksponeringa av eit motiv.
Bruk NDLAs kamerasimulator, og sjå korleis bileta endrar seg når du leiker med innstillingane for blendaropning, lukkartid og ISO-verdiar.
Ta mange bilete
Ein av dei store fordelane med digitale kamera er at du kan ta mange bilete utan at det kostar noko. Utnytt det. Ta mange bilete frå ulike vinklar og med ulike utsnitt. Prøv noko nytt – du veit aldri når blinkskotet dukkar opp. Tek du mange bilete, blir du òg flinkare til å ta bilete!
Ha alltid med deg kamera
Det er ikkje godt å seie når motiva dukkar opp, men vi veit at dei sjeldan dukkar opp framfor pc-skjermen, så kom deg ut!