Kommunikasjonsmodellar - Kommunikasjonsmodellar - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kommunikasjonsmodellar

Fagartikkel

Kommunikasjonsmodellar

Prosessmodellen gir innsikt i korleis kommunikasjonsprosessen går føre seg, og den semiotiske trekanten forklarer korleis mottakarane forstår meiningsinnhaldet i ein bodskap.

Å kommunisere med målgruppa

Ei viktig side ved profesjonelt arbeid med medieuttrykk er å ha oversikt over både kommunikasjonsprosessen og meiningsinnhaldet i bodskapen. Kommunikasjonsmodellar hjelper oss med profesjonalisering. Profesjonelle medieuttrykk er tilpassa ei målgruppe, ein kanal og eit formål. For å formidle bodskapar bruker du forteljeteknikkar og verkemiddel innan tekst, bilete, lyd og/eller video.

Prosessmodellar

Vi har tre kjende prosessmodellar som det kan vere nyttig å kjenne til: den enkle prosessmodellen, Laswells prosessmodell og prosessmodellen.

  • Den enkle prosessmodellen viser at kommunikasjon skjer når ein bodskap går frå ein avsendar til ein mottakar. Avsendar og mottakar kan vere anten personar eller institusjonar.
  • Kommunikasjon har òg ei hensikt og går ikkje føre seg i eit vakuum. Lasswells prosessmodell er som følger: "Kven seier kva til kven i kva for kanal og med kva for verknad?" Modellen hjelper deg med å få ei klar oppfatning av kva formål ein bodskap har eller skal ha.
  • Prosessmodellen beskriv runddansen i kommunikasjonen. Avsendaren kodar ein bodskap og sender det gjennom ein kanal, og mottakaren avkodar bodskapen. Det kan komme tilbakemelding til avsendaren med tanke på å avklare eller kommentere det som blir formidla. Modellen tek òg omsyn til at støy oppstår i kommunikasjon. Støy kan vere alt frå dårleg telefonsamband til at mottakaren har fastlåste meiningar.

Døme: Vêrmelding på japansk morgon-tv

YouTube: Weather forecast on morning TV show [2007/08/08] [Japan]

Videoklippet illustrerer kor ulik bruken av språk og symbol er i andre kulturar.

  • Kven er avsendar og mottakar i videoen?
  • Kva er formålet for kommunikasjonen?
  • Kva tenker du kan vere "støy" i kommunikasjonen?

Den semiotiske trekanten

Når du jobbar med profesjonell mediekommunikasjon, veit du at all kommunikasjon skjer i ein kontekst– i ein bestemd samanheng. Språk, kultur og samfunn er rammer for mediekommunikasjonen.

For at kommunikasjon skal skje slik han er tenkt, må medieprodusentar velje språk, bruk av symbol og fargar for å bli forstått på riktig måte. Ein modell som beskriv godt kvifor teikn har den betydninga dei har, er den semiotiske trekanten. Han forklarer korleis meining blir danna gjennom å vise samanhengen mellom tanke, ting og symbol.

  • Tanken er resultatet av å ha lese symbolet.
  • Tingen er gjenstanden som er utgangspunkt for symbolet.
  • Symbolet er teiknet som uttrykker tingen.

Eit symbol gir meining fordi vi kan meiningsinnhaldet frå før. Symbolet står for noko som finst i verkelegheita. Når vi bruker ulike tekstlege og visuelle symbol, er vi avhengige av at mottakarane kjenner til og forstår dei kulturelle kodane.

Kvart enkelt element, eller teikn, kan potensielt vere meiningsberande. For nokre teikn kjenner vi kodane, og for andre teikn kjenner vi ikkje kodane. Det avheng av kva for erfaring du har frå før, og kva for meiningsfellesskap du høyrer til.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020