Kjeldekritikk i journalistikk - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Kjeldekritikk i journalistikk

Kvar dag får du haugevis med informasjon frå foreldre, lærarar, vener, ukjende, og ulike medium. Men korleis vurderer du kvaliteten på dei opplysingane du får servert? Er alt du får vite, rett?
Nyheitsanker i TV 2 Kjetil H. Dale om kjeldekritikk. Video: TV 2, Kampanjen for journalistikken / CC BY-NC-ND 4.0

Kjeldekritikk

Medieredaksjonar og journalistar jobbar dagleg med å vurdere informasjon. Det blir kalla kjeldekritikk. Mange profesjonelle nyheitsformidlarar lever av truverdet sitt. Då er det svært viktig at det dei publiserer, er korrekt.

Den delen av mediebransjen som jobbar med nyheiter, til dømes dei som jobbar i aviser, fjernsyns- og radioredaksjonar, har utvikla eit eige etisk regelverk. Det er nedfelt i Ver Varsam-plakaten.

Denne nettsida er laga av NDLA i samarbeid med Kampanjen for journalistikken.

Skrive av Jone Nikolai Nyborg.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2018