Journalistikk, mediesystem og demokrati - Introduksjon - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Journalistikk, mediesystem og demokrati

Introduksjon

CC BY-SA 4.0

I denne læringsstien lærer du om rolla til media i land med ulike styreformer og om kvifor uavhengig journalistikk og pressefridom er ein føresetnad for eit levande demokrati.

Etter å ha jobba med denne læringsstien skal du

  • kjenne til ulike mediesystem og forstå samanhengen mellom mediesystem og styresett
  • ha kunnskap om ordningar som skal sikre at vi har uavhengig journalistikk i Noreg, og forstå kvifor media overvaker dei som har makt og myndigheit i samfunnet
  • kunne reflektere over korleis desinformasjon og falske nyheiter påverkar demokratiet