Oppgave
Kven er det bilete av i avisa?
Tel bilete i avisa av ulike grupper i folket.
Du har truleg tilgang til ei eller fleire papiraviser. Vel ei av desse. Studer dei bileta avisa har valt å bruke, både i annonsar og i redaksjonell tekst. Hopp over bilete av folkemassar, eller der det er vanskeleg å sjå om personane er kvinner eller menn.
- Kor mange menn er det bilete av i avisa?
- Kor mange kvinner er det bilete av?
Dei fleste avisene deler stoffet sitt inn i avdelingar.
– I kva del av avisa er det flest menn?
– I kva del av avisa er det flest kvinner?
Korleis vil du forklare at det er slik?
- Se så på aldersfordelinga. Kor mange bilete av barn, unge og eldre finn du?
- Finn du nokre bilete av personar med funksjonshemmingar?
- Kor mange av personane på bileta i avisa har ein annan etnisk bakgrunn enn norsk?
Ei riksdekkjande avis vender seg til heile landet. Ei regions- eller lokalavis vender seg til lesarar i eit bestemt geografisk område.
– Er bileta i avisa representative for dei ulike gruppene som folkesetnaden i avisa sitt målområde består av?
– Kvifor eller kvifor ikkje?