Historieforteljing og dramaturgi - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Historieforteljing og dramaturgi

Dramaturgi handlar om korleis du fortel ei historie. Når du set saman forteljinga di, bruker du ulike dramaturgiske verkemiddel.

Alle har ei historie. Korleis vi vel å fortelje, har mykje å seie for korleis historia vår blir motteken. Alle som produserer innhald bør vite korleis dei skal byggje opp ei forteljing for å nå publikummet sitt. Dette blir kalla dramaturgi. Innslag av dramaturgi finn du nemleg i alle typar medieproduksjonar.

Dramaturgiske verkemiddel

Når du skal setje saman ei historie, kan du bruke fleire ulike dramaturgiske verkemiddel. Dramaturgiske verkemiddel er grep og metodar du vel å bruke for å drive forteljinga framover.

Slike grep og metodar kan vere korleis karakterane blir framstilt, på kva måte konflikt er til stades i forteljinga, og om historia har eitt eller fleire overraskingsmoment. Eit anna eksempel på eit dramaturgisk verkemiddel er om forteljinga blir fortalt kronologisk, i den rekkefølgja hendingane utspeler seg.

Konflikt

Konflikt er eit verkemiddel som skaper spenning. Ein god forteljingsstruktur er med på å skape engasjement og innleving hos publikum. Forteljinga i spennande filmar er gjerne bygd opp slik at det er vanskeleg å skru av TV-en før filmen er ferdig.

Alle James Bond-filmane bruker denne forteljingsstrukturen. Helten Bond blir utsett for ein konflikt frå ein vond motpart som han må overvinne. Publikum får ikkje ro før Bond har kjempa for livet og vunne den tøffe kampen.

Konfliktbilete og spenningsutvikling blir òg brukt i journalistikk. I forbrukarserien TV 2 hjelper deg møter vi gjerne eitt eller fleire «offer» (forbrukarar) som er vortne lurt av «vonde kreftar» i marknaden. Programleiar Solveig Barstad og reporterane opptrer som «dei gode hjelparane» i forteljinga som trinn for trinn avslører skurken. Som andre TV-forteljingar endar òg denne med at offeret får oppreising.

Journalistiske forteljingar fokuserer oftare på enkeltpersonar (casar) enn på meir diffuse aktørar som organisasjonar eller institusjonar. På denne måten får dei lettare publikum med seg. Vi blir engasjerte og kan kjenne oss igjen i situasjonane som blir framstilt.

Karakterar

Ei god forteljing er avhengig av klare konfliktlinjer, og hovudpersonane i medieforteljingar blir ofte framstilt med tydelege karaktertrekk for å få konfliktlinjene i forteljinga til å fungere.

I underhaldningsprogrammet Truls à la Hellstrøm på TV2 har til dømes Truls Svendsen teke rolla som den dumme lærlingen til meisterkokk Eyvind Hellstrøm.

Slike karakterar som er stereotypiske og lette å «lese» møter vi gjerne òg i reklamefilmar. Stereotypar er gode, kloke, nerdete, slemme eller dumme. Dette er som regel statiske karakterar som ikkje forandrar seg gjennom ei forteljing. Dynamiske karakterar utviklar og forandrar seg i løpet av ei forteljing.

Planting og hausting

Ei god historie må kunne overraske mottakaren, men skal òg skape spenning om kva som kjem til å skje. Derfor elskar vi forteljingar som gir små hint om det vi har i vente.

Filmregissøren Alfred Hitchcock meinte at ei bombe som gjekk av i eit rom utan at publikum visste at det var ei bombe der, berre skapte overrasking. Viss du ville skape spenning, måtte du først vise bomba under bordet og deretter fortelje at ho kom til å eksplodere om få minutt.

I norskfaget blir dette gjerne kalla frampek. I mediefaget snakkar vi om planting og hausting. På engelsk blir omgrepa set-up og pay-off brukte.

Som mottakar opplever vi en djup tilfredsstilling når det vi berre har ant etter kvart viser seg å stemme. I fantasyserien Game of Thrones går utsegna «Winter is coming» igjen i fleire episodar. «Winter is coming» har fleire betydningar som blir bestemd ut frå samanhengen uttrykket blir brukt i. Det kan referere til mottoet til Stark-familien, som ei åtvaring til dei som forsøkjer å gjere urett mot dei. «Winter is coming» kan òg peike på den kalde, ugjestmilde vinterverda som deler Game of Thrones-universet i to.

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2019